Eurovision Song Contest 2010

Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Eurovision Song Contest 2010
Share the Moment
Offisiell tittel
55. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 125. mai 2010
Semifinale 227. mai 2010
Finalen29. mai 2010
Vertskap
Stad
Telenor Arena i Bærum i Noreg
Programleiar(ar)
Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui
Kringkastar(ar)
Norsk rikskringkasting
Varigskap
Opningsnummer
Finalen«Fairytale» av Alexander Rybak
Pausenummer
Semifinale 1Film om menneskelege lydar
Semifinale 2Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, og breakdance
Finalen«Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mobar frå ulike stader i Europa
Bidrag
Antal bidrag
39 land. 25 i finalen. 17 i kvar av dei to semifinalane.
Attende
Georgia
Trekte seg
Andorra
Montenegro
Tsjekkia
Ungarn
Ikkje med
San Marino
Austerrike
Monaco
Italia
Luxembourg
Marokko
Kart
ESC 2010 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Tyskland med «Satellite» av Lena
Eurovision Song Contest
Moskva 2009 Düsseldorf 2011

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 skulle dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Arrangement

endre
Telenor Arena.

Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn HelsingforsFinland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

Programleiarar

endre

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

Pauseinnslag

endre

Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

Avrøysting

endre

EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.[1]

Orkester

endre

Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien vald å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

Fordeling av semifinaleplassar

endre

Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Gruppe 1Gruppe 2Gruppe 3Gruppe 4Gruppe 5

Bidraga

endre

Semifinale 1

endre
  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
#LandArtistSongSpråkPoengPlass
01 MoldovaSunStroke Project og Olia Tira«Run Away»Engelsk5210
02 RusslandPjotr Nalitsj og vennar«Lost and Forgotten»Engelsk747
03 EstlandMalcolm Lincoln og Manpower 4«Siren»Engelsk3914
04 SlovakiaKristína Peláková«Horehronie»Slovakisk2416
05 FinlandKuunkuiskaajat«Työlki ellää»Karelsk4911
06 LatviaAisha«What For?»Engelsk1117
07 SerbiaMilan Stanković«Ovo je Balkan»Serbisk795
08 Bosnia-HercegovinaVukašin Brajić«Thunder and Lightning»Engelsk598
09 PolenMarcin Mroziński«Legenda»Engelsk og polsk4413
10 BelgiaTom Dice«Me and My Guitar»Engelsk1671
11 MaltaThea Garrett«My Dream»Engelsk4512
12 AlbaniaJuliana Pasha«It's All About You»Engelsk766
13 HellasJórgos Alkaíos og vennar«ÓPA!»Gresk1332
14 PortugalFilipa Azevedo«Há dias assim»Portugisisk894
15 MakedoniaGjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski«Jas ja imam silata»Makedonsk3715
16 Kviterussland3+2 og Robert Wells«Butterflies»Engelsk599
17 IslandHera Björk«Je ne sais quoi»Engelsk og fransk1233

Semifinale 2

endre
  • Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen.
  • Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
#LandArtistSongSpråkPlassPoeng
01 LitauenInCulto«East European Funk»Engelsk1244
02 ArmeniaEva Rivas«Apricot Stone»Engelsk683
03 IsraelHarel Skaat«Milim»Hebraisk871
04 DanmarkChanée og N'evergreen«In a Moment Like This»Engelsk5101
05 SveitsMichael von der Heide«Il pleut de l'or»Fransk172
06 SverigeAnna Bergendahl«This Is My Life»Engelsk1162
07 AserbajdsjanSafura«Drip Drop»Engelsk2113
08 UkrainaAljosja«Sweet People»Engelsk777
09 NederlandSieneke«Ik ben verliefd (Sha-la-lie)»Nederlandsk1429
10 RomaniaPaula Seling og Ovi«Playing with Fire»Engelsk4104
11 SloveniaAnsambel Roka Žlindre og Kalamari«Narodnozabavni rock»Slovensk166
12 IrlandNiamh Kavanagh«It's for You»Engelsk967
13 BulgariaMiroslav Kostadinov«Angel si ti»Bulgarsk1519
14 KyprosJon Lilygreen og The Islanders«Life Looks Better in Spring»Engelsk1067
15 KroatiaFeminnem«Lako je sve»Kroatisk1333
16 GeorgiaSopho Nizharadze«Shine»Engelsk3106
17 TyrkiamaNga«We Could Be the Same»Engelsk1118

Finalen

endre
  • Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen.
  • 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen.
  • I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane.
  • Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.
#LandArtistSongSpråkPoengPlass
01 AserbajdsjanSəfurə«Drip Drop»Engelsk1455
02 SpaniaDaniel Diges«Algo pequeñito»Spansk6815
03 NoregDidrik Solli-Tangen«My Heart Is Yours»Engelsk3520
04 MoldovaSunStroke Project og Olia Tira«Run Away»Engelsk2722
05 KyprosJon Lilygreen og The Islanders«Life Looks Better in Spring»Engelsk2721
06 Bosnia-HercegovinaVukašin Brajić«Thunder and Lightning»Engelsk5117
07 BelgiaTom Dice«Me and My Guitar»Engelsk1436
08 SerbiaMilan Stanković«Ovo je Balkan»Serbisk7313
09 Kviterussland3+2 og Robert Wells«Butterflies»Engelsk1824
10 IrlandNiamh Kavanagh«It's for You»Engelsk2523
11 HellasJórgos Alkaíos og vennar«ÓPA!»Gresk1408
12 StorbritanniaJosh Dubovie«That Sounds Good to Me»Engelsk1025
13 GeorgiaSofia Nizharadze«Shine»Engelsk1369
14 TyrkiamaNga«We Could Be the Same»Engelsk1702
15 AlbaniaJuliana Pasha«It's All About You»Engelsk6216
16 IslandHera Björk«Je ne sais quoi»Engelsk og fransk4119
17 UkrainaAljosja«Sweet People»Engelsk10810
18 FrankrikeJessy Matador«Allez Ola Olé»Fransk8212
19 RomaniaPaula Seling og Ovi«Playing with Fire»Engelsk1623
20 RusslandPeter Nalitsj og vennar«Lost and Forgotten»Engelsk9011
21 ArmeniaEva Rivas«Apricot Stone»Engelsk1417
22 TysklandLena«Satellite»Engelsk2461
23 PortugalFilipa Azevedo«Há dias assim»Portugisisk4318
24 IsraelHarel Skaat«Milim»Hebraisk7114
25 DanmarkChanée og N'evergreen«In a Moment Like This»Engelsk1494
02 SpaniaDaniel Diges«Algo pequeñito»Spansk6815

Røystegjeving

endre

Semifinale 1

endre

I den første semifinalen brukte eitt land berre juryrøystar, sidan det ikkje kom inn nok telefonrøyster etter det EBU krev. Det er ikkje kjend kva for eit land dette dreiar seg om.[2] EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass
Moldova5    1  27 48710 3 55210
Russland1212 31042851 31 12  1747
Estland   1212 15  114 12  3914
Slovakia   2 65 1   5  5  2416
Finland 31026  172    76 324911
Latvia  6 5             1117
Serbia3416 312 3 37210 31246795
Bosnia-Hercegovina12 5  126 375 84 6 598
Polen26   4  6 6   3 7734413
Belgia610810108741212410124812101281671
Malta  31211 6  223624 214512
Albania    4 2748612 12 10254766
Hellas77288 1087108101035848101332
Portugal5 5467532445 2 781012894
Makedonia41 1  810   12   1  3715
Kviterussland81243 5  3 5 675 1 599
Island10877723 101210886165671233

12 poeng i semifinale 1

endre

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 1:

AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng
5 BelgiaIsland, Malta, Polen, Portugal, Tyskland
3 RusslandEstland, Kviterussland, Moldova
2 AlbaniaHellas, Makedonia
EstlandFinland, Latvia
SerbiaBosnia-Hercegovina, Frankrike
1 Bosnia-HercegovinaSerbia
IslandBelgia
KviterusslandRussland
MakedoniaAlbania
MaltaSlovakia
PortugalSpania

Semifinale 2

endre

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort.[3]

DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass
Litauen2 1 4 2   12 218 574412
Armenia112 35 81010  812 104 836
Israel 8  8761235 14 5 75718
Danmark557512654121042343681015
Sveits              2  217
Sverige33 12102 61 5 12 21236211
Aserbajdsjan2 5563121881071010121221132
Ukraina101023  825126667342777
Nederland  4421   63   1532914
Romania6488475334648 4810121044
Slovenia  1          5   616
Irland713612 4 842  3 1610679
Bulgaria       1    5  7 61915
Kypros46107 634 6  512   46710
Kroatia 7 27 1   1213    3313
Georgia12126 121075277107710 11063
Tyrkia8  108101210773812 86181181

12 poeng i semifinale 2

endre

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 2:

AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng
3 AserbajdsjanGeorgia, Tyrkia, Ukraina
2 ArmeniaIsrael, Kypros
DanmarkRomania, Sverige
GeorgiaArmenia, Litauen
SverigeDanmark, Noreg
TyrkiaAserbajdsjan, Bulgaria
1 IrlandSveits
IsraelNederland
KroatiaSlovenia
KyprosKroatia
LitauenIrland
RomaniaStorbritannia

Finalen

endre

EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. I motsetnad til i 2009 vart ikkje det detaljerte resultatet for kvart enkelt land offentleggjort.[3] Poenggjevande land er organisert i same rekkefølgje som landa røysta i under finalen.

DeltakarlandPoenggjevande land[4]Sum
Aserbajdsjan 3   12 87   8  142 7 1212212710 625  7378 145
Spania2   7    45 412       245   8  1  1 42 768
Noreg 2         7 3   5  3   3           64235
Moldova10            66             4       1 27
Kypros      4        12 1  24     1         327
Bosnia-Hercegovina   126810   4       5               6   51
Belgia410125   10 6 355 610107 10 14103 7 7  6    2143
Serbia  5 3 8 12 8       10       1  10  1 7  772
Kviterussland            2        1             312 18
Irland  2   1  1 2                 6 7 6    25
Hellas7 810123 167   8  8 4555  7 12   12123  2  3140
Storbritannia 4  1         2                     3 10
Georgia 5   5744 1810 852  1 67  1512714  555 612136
Tyrkia811038 12 10326  12  6123 108  2 4336108 10 55170
Albania1 1  7525      107            831  12   62
Island  4      5 4   3 3      66  2 8       41
Ukraina5  7 1 3    7 10   2  7 7  6610  572 87 8108
Frankrike 634  3 3831 7 867 2    243    2 31   682
Romania 7 652 62 7 3107458 101 235108214 858 12 101162
Russland     4     10 23     6 108   512    10 10  1090
Armenia6 71 6 5    12  7  684861  7 5 7 121246101141
Tyskland38 810106781210126112312312123512412410 121044 8  12246
Portugal  62            1486   61    5        443
Israel    4   1106   5   1 8 3  52 8  310  14 71
Danmark1212  2 212 2125144 12  47  1088 3  26242  85149

12 poeng i finalen

endre

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen:

AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng
9 TysklandDanmark, Estland, Finland, Latvia, Noreg, Slovakia, Spania, Sveits, Sverige
5 DanmarkIsland, Irland, Polen, Romania, Slovenia
4 AserbajdsjanBulgaria, Malta, Tyrkia, Ukraina
HellasAlbania, Belgia, Kypros, Storbritannia
3 ArmeniaIsrael, Nederland, Russland
TyrkiaAserbajdsjan, Frankrike, Kroatia
2 GeorgiaArmenia, Litauen
1 AlbaniaMakedonia
BelgiaTyskland
Bosnia-HercegovinaSerbia
KviterusslandGeorgia
KyprosHellas
RomaniaMoldova
RusslandKviterussland
SerbiaBosnia-Hercegovina
SpaniaPortugal


Artistar som har delteke tidlegare

endre
ArtistLandTidlegare årTidlegare landPlassering i tidlegare tevling
FinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
Feminnem Kroatia2005 Bosnia-Hercegovina07914XX
Niamh Kavanagh Irland1993 Irland18701X1X1

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
1.^ Det vart ikkje arrangert nokon semifinale i 1993, men ein kvalifikasjonsrunde der sju land deltok.

Referansar

endre
  1. Oslo 2010: Televoting during entire shows, eurovision.tv
  2. «How close was a country from qualifying last night?». Eurovision Song Contest. 26. mai 2010. Henta 14. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Bakker, Sietse (28. juni 2010). «EBU reveals split voting outcome, surprising results». EBU. Henta 28. juni 2010. 
  4. «Scoreboard: Eurovision Song Contest 2010 Final». Eurovision.tv. Henta 22. mai 2011. 

Kjelder

endre