Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest

Aserbajdsjan debuterte i Eurovision Song Contest i 2008. Landet har delteke kvart år sidan. Bidraga vert valde i den nasjonale finalen, Land of Fire. I 2011 vann Ell & Nikki Eurovision Song Contest med songen «Running Scared».

Aserbajdsjan

OffisieltAzerbaijan

İTV
Uttakingar
Nasjonalt6
Internt8
Deltaking
Debutår2008
Deltakingar14
Beste resultat
Semifinalen1 (2013)
Finalen1 (2011)
Verste resultat
Semifinalen14 (2023)
Finalen22 (2014)
Poeng
Semifinalane1 651
Finalane1 881
Totalt3 532

Historie

endre

Aserbajdsjan debuterte i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2008 og kvalifiserte seg til finalen.

I 2007 ville ein annan kringkastar, Azərbaycan Televiziya (AzTV), delteke i tevlinga, men reglane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tillet ikkje dette ettersom AzTV ikkje var aktivt medlem. AzTV vart nekta aktivt medlemskap 18. juni 2007 då ein meinte at det vart kopla opp til den aserbajdsjanske regjeringa. 5. juli same år fekk İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) fullt medlemskap i EBU, og 15. oktober fekk dei løyve til å ta del i EBU.

Etter berre fire år i tevlinga vann Ell & Nikki med songen «Running Scared» i 2011. Dette gjorde at den gjennomsnittlege poengsummen til Aserbajdsjan låg på 176,25, den høgaste av alle deltakarlanda.

Sidan semifinalane vart innført i 2004 har Aserbajdsjan vore plassert innanfor topp ti kvart år. Fram til 2012 var Hellas det einaste andre landet som har gjort dette.

Popularitet

endre

Sidan debuten i 2008 har tevlinga vorte overmåte populær i landet. Etter åttandeplass i 2008 og plassering mellom dei fem beste sidan 2009 har tevlinga vorte eit spørsmål om «nasjonal ære» og vorte sett som særs viktig. Kor viktig tevlinga var for landet synte seg i 2013 då den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev starta ei gransking av kvifor Aserbajdsjan ikkje gav poeng til Russland i finalen i 2013.[1] Aserbajdsjan reknar med at dei får ei god plassering og tilset ofte etablerte låtskrivarar og produsentar for å gjere sitt inntog i tevlinga. Sidan 2009 har Eurovision Song Contest vore det mest sette fjernsynsprogrammet på aserbajdsjansk fjernsyn, sjølv om tevlinga vert kringkasta etter midnatt lokal tid. I 2011 laga Aserbajdsjan eit eige frimerke til ære for Ell & Nikki av di dei vann tevlinga for Aserbajdsjan.[2][3] Duoen vart nasjonale stjerner etter sigeren, og landet brukte 1 milliard på å vere vertsland for Eurovision Song Contest 2012. Det vart òg bygd ein ny arena i hovudstaden Baku.[4] Dette er den største pengesummen eit land har brukt for å arrangere tevlinga, nok eit bevis på den store populariteten til tevlinga i Aserbajdsjan.[4]

Bidrag

endre
ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2008Elnur og Samir«Day After Day»Engelsk1328966
2009Aysel og Arash«Always»Engelsk20731802
2010Safura«Drip Drop»Engelsk14551132
2011Ell & Nikki«Running Scared»Engelsk221011222
2012Səbinə Babayeva«When the Music Dies»Engelsk1504Vertsnasjon
2013Fərid Məmmədov«Hold Me»Engelsk23421391
2014Dilarə Kazımova«Start a Fire»Engelsk3322579
2015Elnur Hüseynov«Hour of the Wolf»Engelsk49125310
2016Samra«Miracle»Engelsk117171856
2017Dihaj«Skeletons»Engelsk120141508
2018Aisel«X My Heart»EngelskIkkje kvalifisert9411
2019Chingiz«Truth»Engelsk30282245
2020Samira Efendi«Cleopatra»EngelskAvlyst
2021Samira Efendi«Mata Hari»Engelsk65201388
2022Nadir Rüstəmli«Fade to Black»Engelsk106169610
2023TuralTuranX«Tell Me More»EngelskIkkje kvalifisert414

Galleri

endre

Røystehistorikk (2008-2021)

endre

Aserbajdsjan har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
1 Ukraina122
2 Russland121
3 Moldova61
4 Israel58
5 Malta53

Aserbajdsjan har fått flest poeng frå
#LandPoeng
1 Russland124
2 Georgia116
3 Moldova102
4 Ukraina94
5 Malta73

Vertskap

endre
ÅrStadArenaProgramleiarar
2012 BakuBakı Kristal ZalıLeyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
  1. «Eurovision: Azerbaijan probes Russian 'nul points'» (på engelsk). BBC News. Henta 28. juni 2013. 
  2. «Ell & Nikki (2011) IN POST STAMPS» (på engelsk). Oikotimes.com. Henta 28. juni 2013. 
  3. «Stamps on Azerbaijan's Eurovision-2011 win issued» (på engelsk). News.az. Henta 28. juni 2013. 
  4. 4,0 4,1 «Stamp on Azerbaijan’s Eurovision-2011 Win Issued» (på engelsk). philamirror.info. Henta 28. juni 2013. 

Kjelder

endre