Nederland i Eurovision Song Contest

Nederland debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956, og var det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, då Jetty Paerl var fyrste artist til å opptre i finalen med songen «De vogels van Holland». Nederland har delteke 62 gongar og er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest. Nederland har sidan debuten berre stått over tevlinga fire gongar: i 1985 og 1991, då finalane vart arrangert same dag som det er minnedag i Nederland for offera i andre verdskrigen; og i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. Nederland har vunne tevlinga fem gongar: i 1957, 1959, 1970, 1975 og 2019.[1]

Nederland

OffisieltNederland

AVROTROS (2014–)
TROS (2010–14)
Nederlandse Omroep Stichting (NOS) (1970–2009)
Nederlandse Televisie Stichting (NTS) (1956–69)
Uttakingar
Nasjonalt46
Internt16
Deltaking
Debutår1956
Deltakingar62
Beste resultat
Semifinalen1 (2014)
Finalen1 (1957, 1959, 1970, 1975 og 2019)
Verste resultat
SemifinalenSist (2011)
FinalenSist (1958, 1962, 1963 og 1968)
Poeng
Semifinalane1 711
Finalane3 254
Totalt4 965

Historikk

endre

Nederland var eitt av sju land som deltok i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i sveitsiske Lugano i 1956. Nederland fekk æra av å vere det fyrste landet til å opptre i Eurovision Song Contest, med artisten Jetty Paerl og songen «De vogels van Holland». Opphavleg var det allmennkringkastaren NTS og sidan NOS som sendte Eurovision Song Contest i Nederland, men i takt med fleire mediereformer har ulike nederlandske kringkastingsselskap hatt ansvaret for å velje ut det nederlandske bidraget. Sidan 2014 har kringkastaren AVROTROS hatt ansvaret for Nederland si deltaking i Eurovision Song Contest.[2] Finalesendingane vert overførte på den riksdekkjande tv-kanalen NPO 1 via kringkastingsorganisasjonen NPO, som AVROTROS er ein del av.

Dei nederlandske bidraga vart sidan byrjinga valde ut gjennom den nasjonale songtevlinga Nationaal Songfestival. Etter ein serie med svake resultat i perioden 2005-2012, la AVROTROS ned tevlinga og erstatta henne med internt utvalde låtar og artistar.

Opp- og nedturar

endre

Nederland hadde ein svært god start i Eurovision Song Contest og vann tevlinga både i 1957 og 1959. Derimot vart 1960-åra ein svak periode for Nederland, blant anna med tre sisteplassar, der to av dei var sisteplassar med null poeng. Men i 1969 vann Nederland Eurovision Song Contest for tredje gong, ein delt siger saman med Frankrike, Spania og Storbritannia. 1970-åra vart ein god periode for Nederland, med ein fjerdeplass i 1972, tredjeplass i 1974 og sin fjerde siger i 1975.Fram mot tusenårsskiftet hadde Nederland svingande resultat i Eurovision Song Contest, og landet måtte stå over tevlinga i 1995 og 2002 på grunn av dårlege resultat åra før. I åtteårsperioden 2005-2012 kvalifiserte ikkje Nederland seg til éin einaste finale, og ingen andre land har hatt så mange semifinale-deltakingar på rad utan å nå ein finale. Fyrst i 2013 snudde rekkja med dårlege plasseringar, då Anouk tok Nederland til finalen med songen «Birds».[3] Ho kom på niandeplass, noko som var den beste plasseringa til Nederland sidan 1999. Finalen vart også det mest sette programmet i Nederland i 2013, med nesten 5 millionar sjåarar.[4]

I 2014 var Nederland nær ved å vinne sin fyrste siger på nesten 40 år, då duoen The Common Linnets vart nummer to med «Calm After the Storm» - berre slått av Conchita Wurst frå Austerrike. Det nederlandske bidraget fekk 12 poeng frå åtte land – deriblant Noreg.[5] Også i 2016-2019 kvalifiserte Nederland seg til finalen, og i 2019 lykkast det omsider for Nederland å få ein ny siger, då Duncan Laurence gjekk til topps med songen «Arcade». Dette var den femte sigeren til Nederland, og den fyrste sigeren på 44 år. På grunn av sigeren skulle Nederland arrangere tevlinga i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa.[6] Men EBU beslutta at Nederland skal arrangere Eurovision Song Contest i 2021 i staden.

På grunn av dei gode resultata etter 2013 har Eurovision Song Contest oppnådd høg popularitet i Nederland. I 2015 var finalen i Eurovision Song Contest det mest sette programmet på nederlandsk fjernsyn gjennom heile året. 4,3 millionar sjåarar fekk med seg finalen på tv-kanalen NPO 1.[7] I 2017 var det tilsvarande talet nærare 4,1 millionar sjåarar, og då Nederland vann i 2019, vart finalen sett av 4,4 millionar - ein marknadsandel på 75 prosent.[8][9]

Fråvær

endre

Nederland er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest og har berre stått over fire tevlingar. Både i 1985 og 1991 trekte Nederland seg frå tevlinga, ettersom finalane fall på 4. mai – ein nederlandsk minnedag for daude i krigar og konfliktar etter andre verdskrigen.[10] I 1995 og 2002 vart Nederland tvinga til å stå over tevlinga på grunn av dårlege resultat åra før.

I 2000 deltok Nederland, men kringkastaren NOS avbraut sendinga etter éin time på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede tidlegare same dag. Også telefonavrøystinga vart avlyst, og difor kom dei nederlandske poenga frå reservejuryen til Nederland.[11]

Vertskap

endre

Nederland har arrangert Eurovision Song Contest fire gongar. Fyrste gongen var i 1958, etter at Nederland vann tevlinga året før. Nederland vann på nytt i 1959, men avstod frå å arrangere finalen i 1960 av økonomiske årsaker. I staden stilte sølvvinnaren Storbritannia opp som arrangør av Eurovision Song Contest 1960 – året då Noreg debuterte i Eurovision Song Contest.[12]

Nederland arrangerte tevlinga for andre gong i 1970, etter å ha vunne i 1960. Sigeren delte dei med Frankrike, Spania og Storbritannia, og Nederland fekk arrangøroppgåva etter ei loddtrekking mellom dei og Frankrike. Spania og Storbritannia var uaktuelle for arrangøroppgåva, sidan dei hadde arrangert dei to føregåande finalane.[13]

I 1976 arrangerte Nederland sin tredje finale, etter at Teach-In vann tevlinga året før med songen «Ding-a-dong». Fjerde og førebels siste gong Nederland arrangerte Eurovision Song Contest var i 1980. Eigentleg var det Israel som skulle arrangere finalen, etter å ha vunne på heimebane i 1979. Israelsk fjernsyn bad difor om å få sleppe arrangørjobben, og etter mykje om og men tok Nederland til slutt på seg oppgåva med å arrangere Eurovision Song Contest i 1980.[14]

Nederland skulle også arrangere Eurovision Song Contest i 2020, men tevlinga vart avlyst i mars 2020 på grunn av koronavirusutbrotet i Europa. I staden vedtok EBU at Nederland skulle arrangere tevlinga i 2021.[6][15] 16. mai 2020, same dato som finalen i Eurovision Song Contest 2020 skulle ha vore, arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020.

Bidraga

endre
ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1956Jetty Paerl«De vogels van Holland»NederlandskN/A
Corry Brokken«Voorgoed voorbij»Nederlandsk
1957Corry Brokken«Net als toen»Nederlandsk311
1958Corry Brokken«Heel de wereld»Nederlandsk19
1959Teddy Scholten«Een beetje»Nederlandsk211
1960Rudi Carrell«Wat een geluk»Nederlandsk122
1961Greetje Kauffeld«Wat een dag»Nederlandsk610
1962De Spelbrekers«Katinka»Nederlandsk013
1963Annie Palmen«Een speeldoos»Nederlandsk013
1964Anneke Grönloh«Jij bent mijn leven»Nederlandsk210
1965Conny van den Bos«'t Is genoeg»Nederlandsk511
1966Milly Scott«Fernando en Filippo»Nederlandsk215
1967Thérèse Steinmetz«Ring-dinge-ding»Nederlandsk214
1968Ronnie Tober«Morgen»Nederlandsk116
1969Lenny Kuhr«De troubadour»Nederlandsk181
1970Hearts of Soul«Waterman»Nederlandsk77
1971Saskia og Serge«Tijd»Nederlandsk856
1972Sandra og Andres«Als het om de liefde gaat»Nederlandsk1064
1973Ben Cramer«De oude muzikant»Nederlandsk6914
1974Mouth og MacNeal«I See a Star»Engelsk153
1975Teach-In«Ding-a-dong»Engelsk1521
1976Sandra Reemer«The Party's Over Now»Engelsk569
1977Heddy Lester«De mallemolen»Nederlandsk3612
1978Harmony«'t Is OK»Nederlandsk3713
1979Xandra«Colorado»Nederlandsk5112
1980Maggie MacNeal«Amsterdam»Nederlandsk935
1981Linda Williams«Het is een wonder»Nederlandsk519
1982Bill van Dijk«Jij en ik»Nederlandsk816
1983Bernadette«Sing Me a Song»Nederlandsk og engelsk667
1984Maribelle«Ik hou van jou»Nederlandsk3413
1986Frizzle Sizzle«Alles heeft ritme»Nederlandsk4013
1987Marcha«Rechtop in de wind»Nederlandsk835
1988Gerard Joling«Shangri-La»Nederlandsk709
1989Justine Pelmelay«Blijf zoals je bent»Nederlandsk4515
1990Maywood«Ik wil alles met je delen»Nederlandsk2515
1992Humphrey Campbell«Wijs me de weg»Nederlandsk679
1993Ruth Jacott«Vrede»Nederlandsk926
1994Willeke Alberti«Waar is de zon?»Nederlandsk423
1996Maxine og Franklin Brown«De eerste keer»Nederlandsk7876309
1997Mrs. Einstein«Niemand heeft nog tijd»Nederlandsk522
1998Edsilia«Hemel en aarde»Nederlandsk15025
1999Marlayne«One Good Reason»Engelsk718
2000Linda Wagenmakers«No Goodbyes»Engelsk4013
2001Michelle«Out on My Own»Engelsk1618
2003Esther Hart«One More Night»Engelsk4513
2004Re-Union«Without You»Engelsk11201466
2005Glennis Grace«My Impossible Dream»EngelskIkkje kvalifisert5314
2006Treble«Amambanda»Kunstig språk og engelsk2220
2007Edsilia Rombley«On Top of the World»Engelsk3821
2008Hind«Your Heart Belongs to Me»Engelsk2713
2009De Toppers«Shine»Engelsk1117
2010Sieneke«Ik ben verliefd (Sha-la-lie)»Nederlandsk2914
20113JS«Never Alone»Engelsk1319
2012Joan Franka«You and Me»Engelsk3515
2013Anouk«Birds»Engelsk1149756
2014The Common Linnets«Calm After the Storm»Engelsk23821501
2015Trijntje Oosterhuis«Walk Along»EngelskIkkje kvalifisert3314
2016Douwe Bob«Slow Down»Engelsk153111975
2017O'G3NE«Lights and Shadows»Engelsk150112004
2018Waylon«Outlaw in 'Em»Engelsk121181747
2019Duncan Laurence«Arcade»Engelsk49812801
2020Jeangu Macrooy«Grow»EngelskTevling avlyst
2021Jeangu Macrooy«Birth of a New Age»Engelsk og sranan tongo1123Vertsnasjon
2022S10«De diepte»Nederlandsk171112212
2023Mia Nicolai og Dion Cooper«Burning Daylight»EngelskIkkje kvalifisert713

Røystehistorikk (1957-2021)

endre

Finalane

endre

Nederland har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Sverige190
2 Frankrike186
3 Belgia179
4 Tyskland167
5 Sveits158

Nederland har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Belgia186
2 Frankrike158
3 Irland151
4 Tyskland147
5 Sveits138

Galleri

endre

Eurovision Song Contest i Nederland

endre
ÅrStadArenaProgramleiarar
1958 HilversumStudioane til AVROHannie Lips
1970 AmsterdamRAI CongrescentrumWilly Dobbe
1976 Den HaagNederlands CongresgebouwCorry Brokken
1980Marlous Fluitsma
2020 RotterdamRotterdam AhoyChantal Janzen, Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager
2021

Eurovision: Europe Shine a Light

endre

16. mai 2020 arrangerte Nederland Eurovision: Europe Shine a Light. Dette var eit direktesendt underhaldningsshow som erstatning for Eurovision Song Contest 2020, som vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet.[16] Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit var programleiarar for sendinga.[17]

ÅrStadArenaProgramleiarar
2020 HilversumMedia Park Studio 21Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «The Netherlands – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  2. Sanjay (Sergio) Jiandani (15. juli 2013). «The Netherlands: AvroTros confirm participation in Eurovision 2014». esctoday.com. Henta 23. desember 2016. 
  3. «Netherlands qualifies for Eurovision final with Anouk». Dutch Daily News. 14. mai 2013. 
  4. Roy Knoops (3. januar 2014). «The Netherlands: Eurovision 2013 ratings hit thanks to Anouk». esctoday.com. Henta 23. desember 2016. 
  5. «Eurovision Song Contest 2014 Grand Final». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  6. 6,0 6,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. mars 2020. 
  7. «Jaarrapport tv 2016 – årsrapport for nederlandsk fjernsyn» (PDF). Stichting Kijkonderzoek. 18. januar 2017. Henta 10. desember 2017. 
  8. «De TV van gisteren: Eurovisie Songfestival trekt ruim 4 miljoen kijkers - Televizier.nl». Televizier.nl (på nederlandsk). Henta 10. desember 2017. 
  9. Granger, Anthony (19. mai 2019). «The Netherlands: 74.5% Of The Viewing Audience Watched The Eurovision 2019 Grand Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. mai 2019. 
  10. «Eurovision Song Contest 1991». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  11. Theofilos Toronidis (13. juni 2012). «Editorial: Looking back at Eurovision 2000». ESCDaily.com. Henta 23. desember 2016. 
  12. «Eurovision Song Contest 1960». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  13. «Eurovision Song Contest 1970». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  14. «Eurovision Song Contest 1980». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  15. «Rotterdam returns as Eurovision Song Contest Host City in 2021». eurovision.tv. 16. mai 2020. Henta 6. juni 2020. 
  16. Granger, Anthony (1. april 2020). «Eurovision: Europe Shine a Light To Be Broadcast Live From Hilversum». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. juni 2020. 
  17. «Eurovision: Europe Shine A Light». eurovision.tv. 9. april 2020. Henta 6. juni 2020. 

Kjelder

endre