Noreg i Eurovision Song Contest

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, og landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1970 og 2002. Noreg har vunne Eurovision Song Contest tre gongar, men samstundes komme på sisteplass i ein finale tolv gongar – meir enn noko anna land. Noreg har i tillegg fått null poeng fire gongar, berre Austerrike har like mange. Den lange rekkja med dårlege plasseringar i 1960- og 1970-åra tok brått slutt 1985, då Bobbysocks sikra den fyrste sigeren til Noreg i tevlinga med «La det swinge». Sidan følgde ein ny siger i 1995 med Secret Garden og «Nocturne», og sist i 2009 med Alexander Rybak og songen «Fairytale». Noreg har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: Grieghallen i Bergen i 1986, Oslo Spektrum i 1996 og Telenor Arena i 2010. Det er NRK som sender Eurovision Song Contest i Noreg, og som står bak den nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Vinnaren av Melodi Grand Prix får representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Noreg


NRK
Uttakingar
Nasjonalt61
Internt1
Deltaking
Debutår1960
Deltakingar62
Beste resultat
Semifinalen1 (2009 og 2018)
Finalen1 (1985, 1995 og 2009)
Verste resultat
Semifinalen18 (2007)
FinalenSist (1963, 1969, 1974, 1976, 1978 1981, 1990, 1997, 2001, 2004, 2012 og 2024)
Poeng
Semifinalane2 079
Finalane3 990
Totalt6 069

Etter år 2000 har resultata til Noreg i Eurovision Song Contest fortsett å svinge, med tre sisteplassar, éin siger og ytterlegare tre topp fem-plasseringar. Etter innføringa av semifinalar 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalen tre gongar: 2007, 2011 og 2016. Sidan 2013 har Noreg sju topp ti-plasseringar; blant dei var sjetteplassen til KEiiNO og «Spirit in the Sky» i 2019. Noreg vann også telefonavrøystinga det året.

Historikk endre

Nora Brockstedt var den fyrste deltakaren for Noreg i Eurovision Song Contest og fekk stor suksess med songen «Voi Voi».

NRK har ansvaret med å velje ut det norske bidraget, og har senderettane til Eurovision Song Contest i Noreg. Det norske bidraget vert kåra gjennom den årlege, nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Per 2022 har Noreg delteke 60 gongar i Eurovision Song Contest.

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, nesten eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg. Landet fekk ein god start då Nora Brockstedt song Noreg inn til fjerdeplass med «Voi Voi». Dei to neste åra heldt Noreg seg på topp ti, men i 1963 kom den fyrste sisteplassen, då Anita Thallaug fekk 0 poeng med «Solhverv».[1]

Nøkternheit og fagjuryar endre

I 1960- og 1970-åra heldt NRK fast på sin ikkje-kommersielle innstilling til tevlinga. Fokuset skulle liggje på melodi og tekst, ikkje på show og koreografi, noko som prega dei norske finalane og songane i mange år.[2] I 1979 gjekk NRK så langt at dei strippa heile studio for kulisser og bad artistar og musikarar stille i kvardagsklede. Poenget var å rette merksemda mot songen, ikkje all innpakninga rundt.[3] Denne gjennomgåande haldninga, kombinert med skepsis i det norske musikkmiljøet, var truleg medverkande til at Noreg enda opp med bidrag som ikkje slo an hos dei europeiske juryane. Heller ikkje hos tv-sjåarane vart dei norske bidraga nokon slagerar, for eksempel dukka berre tre av dei norske vinnarlåtane opp på VG-lista i perioden 1961–1976.[4][5][6]

Skiftet i 1980-åra endre

Bobbysocks sørga for Noregs fyrste Eurovision-siger i 1985.

Utover i 1980-årea endra NRK innstilling til tevlinga, og dei norske Eurovision-bidraga vart «lettare» og med meir koreografi. Ekspertjuryane vart også bytta ut med regionale folkejuryar frå 1982, og finalane vart sende direkte, ikkje i opptak som tidlegere. Haldningsskiftet gav resultat. I 1982 vart Noreg nummer tolv, i 1983 nummer ni, og i 1985 skjedde det som nærast hadde fått status som ein umoglegskap: Noreg vann Eurovision Song Contest med Bobbysocks og «La det swinge». Fleire gode resultat følgde etter sigeren, med ein niandeplass i 1987 og ein femteplass året etter. I åra 19891992 gjekk Noreg inn i ein svak periode igjen, blant anna med ein ny sisteplass i 1990.

I 1993 innleia Noreg sin beste periode i tevlinga. Silje Vige vart nummer fem i 1993, før Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen følgde opp med ein sjetteplass året etter. I 1995 vann Noreg for andre gong med Secret Garden og «Nocturne», medan Elisabeth Andreassen sikra Noreg ein andreplass på heimebane i 1996. Men rekkja av gode plasseringar fikk ein brå slutt i 1997, då Tor Endresen og songen «San Francisco» enda sist i Dublin uten poeng.

2,3 millioner nordmenn såg Alexander Rybak vinne i 2009.
Foto: Daniel Kruczynski

Etter tusenårsskiftet har Noreg hatt varierande resultat. Tre gongar har landet enda opp på sisteplass, og i 2002 måtte Noreg for fyrste gong ufriviljug stå utanfor konkurransen. I tillegg kvalifiserte ikkje Noreg seg til finalane i 2007, 2011 og 2016. Men i same periode har Noreg også vunne tevlinga éin gong, då Alexander Rybak vann eun suveren siger med «Fairytale» i 2009. Sigeren er framleis ein av de mest overlegne gjennom historien. Norge har i tillegg fått to fjerdeplassar og ein femteplass etter 2000.[7]

Fråvær endre

Sidan debuten i 1960 har Noreg stått over Eurovision Song Contest ved to høve – i 1970 og i 2002. I 1970 trekte Noreg seg frå Eurovision Song Contest saman med blant andre Sverige og Finland. Bakgrunnen var at fire land hadde delt sigeren i tevlinga året før. Men ei like viktig årsak var nok den aukande norske misnøya og kritikken mot tevlinga, ei misnøye som nådde eit klimaks etter den norske finalen i Melodi Grand Prix 1969. Då Noreg valde å boikotte Eurovision Song Contest i 1970 og ikkje arrangere Melodi Grand Prix 1970, sa programdirektør i NRK Otto Nes til Aftenposten: «Det har forekommet en del misnøye med arrangementet, fordi man mener at det ikke har svart til de forventninger man stilte – nemlig at man gjennom denne melodikonkurranse i Eurovisjonen skulle høyne slagernivået i Europa».[8]

I 2002 var ikkje Noreg kvalifisert til tevlinga, på grunn av sisteplassen året før. Dette var fyrste gongen Norge ufriviljug måtte stå over Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalane på tre av fjorten forsøk: 2007, 2011 og 2016. Norge var direktekvalifisert til finalane i 2004, 2006 og 2010.

Ulrikke Brandstorp skulle ha representert Norge i 2020 med songen «Attention», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Dette var fyrste gongen siden byrjinga i 1956 at Eurovision Song Contest vart avlyst. «Attention» var også den andre Melodi Grand Prix-vinnaren som ikkje fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest. Den fyrste var «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» som vann Melodi Grand Prix 1968. På grunn av skuldingar om plagiat trekte låtskrivaren Kari Diesen d.y. låten, og andreplassen «Stress» representerte Noreg i staden.

Sisteplass-landet endre

Jahn Teigen fekk null poeng i 1978.

Noreg har mildt sagt hatt varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sidan 1960 har Noreg vunne tre gongar og komme på topp fem ytterlegere åtte gongar. Men Noreg er nok langt meir kjent for sine elleve sisteplassar – fleire enn noko anna land.[9][10] Tek ein med semifinalar også, tangerer Finland denne rekorden med ni sisteplassar i ein finale og to i ein semifinale. Noreg har også enda opp utan poeng fire gongar: 1963, 1978, 1981 og 1997. Berre Austerrike har like mange gongar enda opp utan poeng.[11][12][13]

Den fyrste sisteplassen kom allereie på det fjerde norske forsøket, i 1963. Men det er perioden 1969–1981 som er den definitivt svakaste i norsk Eurovision-historie. I denne perioden deltok Noreg tolv gongar, og fem av dei enda med sisteplass (1969, 1974, 1976, 1978 og 1981). I tillegg kom Noreg nest sist to gongar (1971 og 1975). Berre éin gong i denne perioden kom Noreg på øvre halvdel av resultatlista: I 1973, då Bendik Singers kom på sjuandeplass med «It's Just a Game».

I 1978 vart Jahn Teigen den fyrste til å få null poeng etter at poengsystemet vart endra i 1975. Jumboplasseringa skapte enorm merksemd i Noreg, men også i fleire andre land. Men sisteplassen vart ein stor suksess for Jahn Teigen, og taparlåten «Mil etter mil» er framleis ein av dei mest selte Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene i Noreg.[14][15] Berre tre år seinare fekk Noreg null poeng igjen, denne gongen med Finn Kalvik og «Aldri i livet». Dei mange sisteplassane fekk britane til å spekulere på om Noreg faktisk gjekk inn for å få null poeng i tevlinga.[16]

I 1990 kom Norge sist for sjuande gong, og i 1997 hamna Noreg på delt sisteplass, saman med Portugal, med null poeng. Dette var fjerde, og førebels siste, gongen Noreg enda utan poeng i ein Eurovision-finale. Heller ikkje dei siste åra har Noreg sloppe unna jumboplasseringane. Også i 2001, 2004, 2012 og 2024 kom Noreg sist.

Språk endre

Dei norske bidraga har til saman vorte framført på 14 ulike språk: norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk, nordsamisk og swahili. Noreg er i tillegg det landet som har nytta flest språk i éin song. «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart framført på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk.

Bidrag endre

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1960Nora Brockstedt«Voi Voi»Norsk og finsk114Ingen semifinalar
1961Nora Brockstedt«Sommer i Palma»Norsk107
1962Inger Jacobsen«Kom sol, kom regn»Norsk210
1963Anita Thallaug«Solhverv»Norsk013
1964Arne Bendiksen«Spiral»Norsk68
1965Kirsti Sparboe«Karusell»Norsk113
1966Åse Kleveland«Intet er nytt under solen»Norsk153
1967Kirsti Sparboe«Dukkemann»Norsk214
1968Odd Børre Sørensen«Stress»Norsk213
1969Kirsti Sparboe«Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»Norsk116
1970Deltok ikkje
1971Hanne Krogh«Lykken er»Norsk6517
1972Grethe og Benny«Småting»Norsk7314
1973Bendik Singers«It's Just a Game»Engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk og norsk897
1974Anne Karine Strøm og Bendik Singers«The First Day of Love»Engelsk314
1975Ellen Nikolaysen«Touch My Life (With Summer)»Engelsk1118
1976Anne-Karine Strøm«Mata Hari»Engelsk718
1977Anita Skorgan«Casanova»Norsk1814
1978Jahn Teigen«Mil etter mil»Norsk020
1979Anita Skorgan«Oliver»Norsk5711
1980Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta«Sámiid ædnan»Norsk og nordsamisk1516
1981Finn Kalvik«Aldri i livet»Norsk020
1982Jahn Teigen og Anita Skorgan«Adieu»Norsk4012
1983Jahn Teigen«Do Re Mi»Norsk539
1984Dollie de Luxe«Lenge leve livet»Norsk2917
1985Bobbysocks«La det swinge»Norsk1231
1986Ketil Stokkan«Romeo»Norsk4412
1987Kate Gulbrandsen«Mitt liv»Norsk659
1988Karoline Krüger«For vår jord»Norsk885
1989Britt Synnøve Johansen«Venners nærhet»Norsk3017
1990Ketil Stokkan«Brandenburger Tor»Norsk821
1991Just 4 Fun«Mrs. Thompson»Norsk1417
1992Merethe Trøan«Visjoner»Norsk2318
1993Silje Vige«Alle mine tankar»Norsk1205Kvalifikacija za Millstreet
1994Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen«Duett»Norsk766Ingen semifinalar
1995Secret Garden«Nocturne»Norsk1481
1996Elisabeth Andreassen«I evighet»Norsk1142Direktekvalifisert
1997Tor Endresen«San Francisco»Norsk024Ingen semifinalar
1998Lars Fredriksen«Alltid sommer»Norsk798
1999Stig van Eijk«Living My Life Without You»Engelsk3514
2000Charmed«My Heart Goes Boom»Engelsk5711
2001Haldor Lægreid«On My Own»Engelsk322
2002Deltok ikkje
2003Jostein Hasselgård«I’m Not Afraid to Move On»Engelsk1234
2004Knut Anders Sørum«High»Engelsk324Direktekvalifisert
2005Wig Wam«In My Dreams»Engelsk12591646
2006Christine Guldbrandsen«Alvedansen»Norsk3614Direktekvalifisert
2007Guri Schanke«Ven a bailar conmigo»Engelsk og spanskIkkje kvalifisert4818
2008Maria Haukaas Storeng«Hold On Be Strong»Engelsk18251064
2009Alexander Rybak«Fairytale»Engelsk38712011
2010Didrik Solli-Tangen«My Heart Is Yours»Engelsk3520Direktekvalifisert
2011Stella Mwangi«Haba Haba»Engelsk og swahiliIkkje kvalifisert3017
2012Tooji«Stay»Engelsk7264510
2013Margaret Berger«I Feed You My Love»Engelsk19141203
2014Carl Espen Thorbjørnsen«Silent Storm»Engelsk888776
2015Mørland og Debrah Scarlett«A Monster Like Me»Engelsk10281234
2016Agnete«Icebreaker»EngelskIkkje kvalifisert6313
2017JOWST og Aleksander Walmann«Grab the Moment»Engelsk158101895
2018Alexander Rybak«That’s How You Write a Song»Engelsk144152661
2019KEiiNO«Spirit in the Sky»Engelsk og nordsamisk33162107
2020Ulrikke Brandstorp«Attention»EngelskTevling avlyst
2021TIX«Fallen Angel»Engelsk751811510
2022Subwoolfer«Give That Wolf a Banana»Engelsk182101776
2023Alessandra Mele«Queen of Kings»Engelsk26851026
2024Gåte«Ulveham»Norsk16251043

Dirigentar for Noreg endre

Fram til og med 1998 vart bidraga framført med orkester, og kvart land hadde sin eigen dirigent som dirigerte orkesteret.[17] Utover i 1990-åra tok ferdiginnspelt musikk i større grad over, og i 1999 vart orkesteret avskaffa. Dei noverande reglane krev at all musikk og instrumenter på scena skal vere førehandsinnspelt.[18] Under er eit oversyn over dirigentane for Noreg i åra 1960–1998.[19]

DirigentÅrAntall
Øivind Bergh19601963, 196519699
Karsten Andersen19641
Arne Bendiksen19711
Carsten Klouman19721973, 1975, 197719785
Frode Thingnæs1974, 1976, 19963
Sigurd Jansen197919846
Terje Fjærn198519872
Egil Monn-Iversen19861
Arild Stav19881
Pete Knutsen19891991, 19944
Rolf Løvland199219932
Geir Langslet1995, 199719983

Galleri endre

Røystehistorikk endre

Finalane (1960-2021) endre

Noreg har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Sverige381
02 Danmark221
03 Frankrike175
04 Irland170
05 Storbritannia163

Noreg har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Sverige236
02 Danmark181
03 Irland171
04 Island152
05 Belgia149

Semifinalane (2004–2019) endre

Noreg har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Sverige90
02 Litauen89
03 Danmark86
04 Finland59
05 Nederland57

Noreg har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Danmark107
02 Sverige75
03 Litauen72
04 Nederland69
05 Irland64

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar endre

NRK1, fram til 1996 berre NRK, har kringkasta Eurovision Song Contest kvart år sidan 1960. Frå 2013 har finalen og vorte kringkasta på NRK3 med programleiarane frå P3morgenNRK P3, som eit alternativ til den vanlege kommenteringa på NRK1.

ÅrKommentator(ar)Poengutdelar(ar)
NRK1NRK3NRK
1960Erik Diesen (norsk)Kari Borg Mannsåker
1961Leif Rustad (norsk)Mette Janson
1962Odd Grythe (norsk)Kari Borg Mannsåker
1963Øivind Johnsen (norsk)Roald Øyen
1964Odd Grythe (norsk)Sverre Christophersen
1965Erik Diesen (norsk)
1966Sverre Christophersen (norsk)Erik Diesen
1967Erik Diesen (norsk)Sverre Christophersen
1968Roald Øyen (norsk)
1969Sverre Christophersen (norsk)Janka Polanyi
Noreg deltok ikkje i 1970
1971Sverre Christophersen (norsk)Ingen poengutdelar
1972Roald Øyen (norsk)
1973John Andreassen (norsk)
1974Sverre Christophersen
1975
1976Jo Vestly (norsk)
1977John Andreassen (norsk)
1978Bjørn Scheele (norsk)Egil Teige
1979Egil Teige (norsk)Sverre Christophersen
1980Knut Aunbu (norsk)Roald Øyen
1981Sverre Christophersen
1982Bjørn Scheele (norsk)Erik Diesen
1983Ivar Dyrhaug (norsk)
1984Roald Øyen (norsk)Egil Teige
1985Veslemøy Kjendsli (norsk)Erik Diesen
1986Knut Bjørnsen (norsk)Nina Matheson
1987John Andreassen og Tor Paulsen (norsk)Sverre Christophersen
1988John Andreassen (norsk)Andreas Diesen
1989Sverre Christophersen
1990Leif Erik Forberg (norsk)
1991John Andreassen og Jahn Teigen (norsk)
1992John Andreassen (norsk)
1993Leif Erik Forberg (norsk)
1994Jostein Pedersen (norsk)
1995Annette Groth (norsk)
1996Jostein Pedersen (norsk, alle showa)Ragnhild Sælthun Fjørtoft
1997
1998
1999
2000Marit Åslein
2001Roald Øyen
2002Noreg fekk ikkje delteke
2003Roald Øyen
2004Ingvild Helljesen
2005
2006
2007Per Sundnes (norsk, alle showa)Synnøve Svabø
2008Per Sundnes og Hanne Hoftun (norsk, alle showa)Stian Barsnes Simonsen
2009Synnøve Svabø (norsk, alle showa)
2010Olav Viksmo Slettan (norsk, alle showa)Anne Rimmen
2011Nadia Hasnaoui
2012
2013Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Yngve Hustad Reite (norsk, finalen)Tooji
2014Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Line Elvsåshagen (norsk, finalen)Margrethe Røed
2015Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby (norsk, finalen)
2016Elisabeth Andreassen
2017Marcus & Martinus
2018JOWST og Aleksander Walmann
2019Alexander Rybak
2020Tevlinga vart avlyst pga. koronapandemien
2021Marte StokstadAdelina Ibishi og Martin LepperødSilje Skjemstad Cruz
2022Andreas «TIX» Haukeland
2023Ben Adams
2024Ingvild Helljesen[20]

Eurovision Song Contest i Noreg endre

ÅrStadArenaProgramleiar(ar)
1986 BergenGrieghallenÅse Kleveland
1996 OsloOslo SpektrumIngvild Bryn og Morten Harket
2010 BærumTelenor ArenaNadia Hasnaoui, Haddy N'jie og Erik Solbakken

Rekordar endre

  • Sist flest gonger (12)
  • Nest sist flest gonger (4, saman med Frankrike og Jugoslavia)
  • Null poeng flest gonger (4)
  • Flest språk i éin song (12)
  • Høgaste poengsum (387)
  • Vann med størst margin (169)

Noreg tok òg rekorden for flest tolvarar (16) i 2009, men vart slått av Sverige i 2012 (18).

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Norway – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  2. «Melodi Grand Prix 1975 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 25. januar 1975. Henta 12. desember 2016. «Programleder Bergljot Engeset: "Når det gjelder selve arrangementet Melodi Grand Prix, så kan man vel ikke si det har skjedd særlig store forandringer i løpet av de 15 årene Norge har deltatt. Og vi, ja, vi kommer vel også denne gang til å holde oss til det tradisjonelle mønsteret. Men vi har lyst til å minne om at det tross alt er melodien, teksten og musikken som er viktig i dette storstilte arrangementet. Og vi får håpe at de som er med på å stemme, ikke lar seg påvirke for mye av innpakningen her i studio."» 
  3. «Melodi Grand Prix 1979 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 10. februar 1979. Henta 12. desember 2016. «Programleder Egil Teige: "Det er lydbildet vi satser på i Grand Prix, så det er betraktelig mindre glitter og stas enn vanligvis altså, men det skulle vel ikke ha noe betyding for det musikalske utbyttet?"» 
  4. «Topplista (søkbar database)». IFPI Norge. Henta 19. februar 2022. 
  5. Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Atheneum. ISBN 8273341232. 
  6. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Ballade.no. Henta 12. desember 2016. «På denne tiden var Grand Prixs popularitet på nullpunktet, særlig i musikerkretser. Etter EEC/EF-kampen vokste radikaliseringen og venstresidens aktive kulturliv dominerte. I flere land var det demonstrasjoner mot GP-sirkuset og den multikapitalistiske musikkindustrien.» 
  7. Simon Storvik-Green (14. april 2012). «Norway – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  8. «Norge ikke med i Melodi Grand Prix neste år». Aftenposten. 1. november 1969. s. 1 og 20. 
  9. Camille Simonet (17. mai 2019). «Eurovision Song Contest 2019: Which countries have been least successful over the years?». www.euronews.com. Euronews. Henta 20. mai 2019. 
  10. Merete Skogrand, Håkon Eikesdal og Jan Thomas Holmlund (27. mai 2012). «Ingen andre land har flere sisteplasser enn Norge». dagbladet.no. Henta 12. desember 2016. 
  11. Kurt Bakkemoen (24. november 2006). «Null-artister blir kulthelter». VG Nett. Henta 12. desember 2016. 
  12. «The Nul Pointers». Nul Points! (på engelsk). 2018. Henta 28. august 2018. 
  13. Simon Storvik-Green (14. april 2012). «Norway: From 0 to 387 in 50 years». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  14. Coilin O'Connor (24. mai 2012). «Ten Memorable Eurovision Moments». Radio Free Europe. Henta 12. desember 2016. 
  15. «Jahn Teigen». Rockipedia. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 12. desember 2016. 
  16. Hjort-Larsen, Arvid (7. april 1981). «BBC spør: Norge null-spekulanter?». Verdens Gang. s. 35. 
  17. «Facts & Figures - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. EBU. Henta 7. mars 2019. 
  18. «Forget The Orchestra: Lisbon 2018 Welcomes Back Live Music To Eurovision». ESC Insight - Home of the Unofficial Eurovision Song Contest Podcast. 28. februar 2018. Henta 7. mars 2019. 
  19. «Detailed overview: conductors for Norway». And the conductor is... Henta 12. desember 2016. 
  20. Hagfors, Mathias (11. mai 2024). «Krisemøte i Eurovision-leiren – Alessandra trekker seg». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. mai 2024. 

Bakgrunnsstoff endre