Tyskland

land i Sentral-Europa
Bundesrepublik Deutschland

(norsk: Tyskland, tysk)

Det tyske flaggetDet tyske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Das Lied der Deutschen»
MottoEinigkeit und Recht und Freiheit
Geografisk plassering av Tyskland
Offisielle språkTysk
HovudstadBerlin
Styresett
Parlamentarisk republikk
Frank-Walter Steinmeier
Olaf Scholz
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
357 022 km² (62.)
2,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
80 594 017 (17.)
225,7 /km² (38.)
Sjølvstende
1871, 1949, 1990
Nasjonaldag3. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 842 000 mill. USD (5.)
48 000 USD (21.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +1
Telefonkode+49
Toppnivådomene.de


Forbundsrepublikken Tyskland eller berre Tyskland (tysk: Bundesrepublik Deutschland eller Deutschland) er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.

Alpane sør i Bayern.
Brandenburgerporten i Berlin

Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8. Etter USA er Tyskland det nest mest populære migrasjonsmålet i verda.[1]

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Tysk historie.

Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles etter å ha sigra over Frankrike i den fransk-tyske krigen 18701871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidleg mellomalder, til dømes om det tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år 843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.

Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane: Keisardømmet 1871–1918, Weimarrepublikken 1918–1933, Det nazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå 1938 til 1945 òg omfatta Austerrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og det gjenforente Tyskland etter 1990.

Geografi endre

Topografisk kart
For meir om dette emnet, sjå Tysk geografi.

Tyskland er den nest mest folkerike landet i Europa (etter Russland) og det sjuande største etter areal. Arealet dekkjer 357 021 km², der 349 223 km² er land og 7 709 km² er vatn. Landet strekkjer seg frå dei høge Alpane i sør til Nordsjøen i nordvest og Austersjøen i nordaust. Det høgaste punktet i landet er Zugspitze på 2 962 meter over havet. I mellom ligg den lågtliggande Den nordtyske sletta og det skogkledde og åslendte landskapet sentralt i Tyskland, Mittelgebirge. Det lågaste punktet i Tyskland er Wilstermarsch, som er 3,54 metres under havnivå. Nokre av dei største elvane i Europa renn gjennom Tyskland, som Rhinen, Donau og Elbe. Sidan Tyskland ligg sentralt til er det ingen europeiske land (bortsett frå Russland) som har fleire grenseland. Nabolanda er Danmark i nord, Polen og Tsjekkia i aust, Austerrike og Sveits i sør, Frankrike og Luxembourg i sørvest og Belgia og Nederland i nordvest.

Administrativ inndeling endre

Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Vidare er dei delt inn i 439 landkreis og byar (kreisfrie byar)

Delstat (Land)HovudstadAreal (km²)Folketal(2)
1Baden-WürttembergStuttgart35 751,6510 717 000
2BayernMünchen70 549,1912 444 000
3Berlin(1)891,753 388 000
4BrandenburgPotsdam29.477,162 568 000
5BremenBremen(1)404,23663 000
6Hamburg(1)755,161 735 000
7HessenWiesbaden21.114,726 098 000
8Mecklenburg-VorpommernSchwerin23 174,171 720 000
9NiedersachsenHannover47 618,248 001 000
10Nordrhein-WestfalenDüsseldorf34 042,5218 075 000
11Rheinland-PfalzMainz19 847,394 061 000
12SaarlandSaarbrücken2 568,651 056 000
13SachsenDresden18 414,824 296 000
14Sachsen-AnhaltMagdeburg20 445,262 494 000
15Schleswig-HolsteinKiel15 763,182 829 000
16ThüringenErfurt16.172,142 355 000

(1) Bystatane Berlin og Hamburg består berre av byane med same namn; bystaten Bremen omfatter òg byen Bremerhaven.
(2) pr. 31.12.2004

Klima endre

For meir om dette emnet, sjå Tysk geografi.

Det meste av Tyskland har eit kjølig og temperert klima der fuktige vindar frå vest dominerer. Klimaet vert styrt av Nord-Atlanteren og Golfstraumen. Dette varme vatnet påverkar områda som grensar til Nordsjøen, og derfor har dei nordlege og nordvestlege områda av landet maritimt klima med nedbør året rundt og mest nedbør om sommaren. Vinteren er mild og sommaren som regel noko kjølig, sjølv om ein kan få temperaturar over 30 °C i lengre periodar. I aust er klimaet meir kontinentalt, og vintrane kan verte kalde og somrane svært varme. I tillegg har ein ofte lengre tørkeperiodar. Sentrale og sørlege delar av Tyskland ligg i ein overgangssone mellom dei to klimatypane.

Galleri endre

Ein collage av landskapsbilete frå Tyskland

Kjelder endre

  1. «Germany Top Migration Land After U.S. in New OECD Ranking». Bloomberg. 20. mai 2014. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tyskland
Denne geografiartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.