Karusell av Kirsti Sparboe

«Karusell»
Singel av Kirsti Sparboe
LandNoreg
SpråkNorsk
Utgjeve1965
Låtskrivar(ar)Jolly Kramer-Johansen

«Karusell» er ein singel av Kirsti Sparboe, gjeven ut i 1965. Songen er skriven av Jolly Kramer-Johansen.[1]

Eurovision

endre

Melodi Grand Prix 1965

endre

«Karusell» deltok i Melodi Grand Prix 1965, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1965 i Napoli i Italia. Songen vart framført på norsk av Kirsti Sparboe med eit lite orkester, og så på nytt med eit stort orkester. Bidraget vann med 9 886 røyster.[2][3] Opphavleg skulle kvart bidrag vorte framført av to ulike artistar, men Wenche Myhre trekte seg frå tevlinga og Sparboe framførte dimed songen to gonger.

Eurovision Song Contest 1965

endre
«Karusell»
Eurovision Song Contest 1965
LandNoreg
Artist(ar)Kirsti Sparboe
MedverkandeØivind Bergh (dirigent)
SpråkNorsk
Komponist(ar)Jolly Kramer-Johansen
Låtskrivar(ar)Jolly Kramer-Johansen
Resultat
Finalepoeng6
Finaleplass8
Noreg i Eurovision Song Contest
«Spiral»
(1964)
«Karusell» «Intet er nytt under solen»
(1966)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1965 fekk «Karusell» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1965. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk. Han enda på 13. plassen med eit poeng, frå Austerrike. Øivind Bergh var dirigent.

Fotnotar

endre
  1. «MGP 1965» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1965» (på engelsk). esc-history.com. Henta 21. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1965» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 21. juni 2014.