Ελληνική Δημοκρατία
Elliniki Dhimokratia

(norsk: Hellas, gresk)

Det greske flaggetDet greske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Ýmnos pros tin Eleftherían»
Mottogresk: Eleftheria i thanatos
(Fridom eller død)
Geografisk plassering av Hellas
Offisielle språkGresk
HovudstadAthen
Styresett
Republikk
Prokopis Pavlopoulos
Alexis Tsipras
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
131 957 km² (96.)
0,86 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 768 477 (82.)
81,6 /km² (100.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Det osmanske riket
25. mars 1821
1829
Nasjonaldag25. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
283 400 mill. USD (53.)
26 000 USD (52.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +2
Telefonkode+30
Toppnivådomene.gr


Republikken Hellas (gresk Ελληνική Δημοκρατία, Ellinikí Dimokratía) eller berre Hellas (Ελλάδα, Elláda, eldre form Ελλάς, Ellás) er eit land søraust i Europa sør på Balkanhalvøya. Landet grensar til Albania, Nord-Makedonia, Bulgaria og Tyrkia. Egearhavet ligg aust og sør for det greske fastlandet, medan Det joniske havet ligg i vest. Begge havområde er ein del av Middelhavet og inneheld mange greske øyar.

Hellas ligg i grenseområda mellom Europa , Asia og Afrika. Antikkens Hellas, Austromarriket og nesten fire hundreår under Det osmanske riket har sett sitt preg på landet. Området er rekna som krybba til den vestlege verda og opphavet til demokratiet[1], vestleg filosofi,[2] Dei olympiske leikane, statsvitskap, mange vitskaplege fag, vestleg litteratur og drama[3] inkludert både tragedie og komedie. Hellas har derfor ei særs lang og rik historie med mange hendigar og ei kulturarv påverka av Nord-Afrika og Midtausten, som har sett kraftig preg på europeisk kultur og det ein kan kalle Vesten.

Det moderne Hellas er eit utvikla land og har vore medlem av EU sidan 1981, av NATO sidan 1952, OECD sidan 1961, WEU sidan 1995 og ESA sidan 2005. Hovudstaden i landet er Aten og andre store byar er Thessaloníki, Pátra, Iráklio og Lárisa.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå gresk geografi.

Topografi endre

Hellas består av fjell og eit kupert fastland som strekkjer seg sørover på Balkan, Peloponneshalvøya (skild frå resten av fastlandet via Korinteidet), fleire tusen øyar, inkludert Kreta, Évvia, Lésvos, Khíos, Dodekanesane og Kykladane i Egearhavet og Dei joniske øyane. Hellas har den tiande lengste kystlinja i verda med om lag 15 000 km. Landegrensene utgjer 1 160 km.

Om lag 80 % av Hellas er dekt av fjell eller kupert terreng, noko som gjer landet til eit av dei mest kuperte i Europa. Vest-Hellas består av fleire innsjøar og våtmarksområde og er dominert av fjellkjeda Pindos. Pindos er 2 636 meter på det høgaste og er ei forlenging av Dei dinariske Alpane.

Fjellkjeda held fram gjennom vestlege område av Peloponnes, kryssar øyane Kýthira og Andikýthira og held fram gjennom det sørvestlege Egearhavet til Kreta. Øyane i Egearhavet er toppane på undervassfjell som høyrer til same fjellmassiv.

Ólymbos sett frå Litókhoro.

Det høgaste fjellet i Hellas er Ólymbos med ei høgd på 2 917 moh. Det ligg i prefekturet Piería, nær Thessaloníki. I gresk mytologi vart det rekna som trona til gudane. Nordaust i Hellas ligg fjellkjeda Rodopi, som dannar grensa mot Bulgaria.

Store sletter dekkjer områda i Thessalía, Sentral-Makedonía og Thráki. Dei er særs viktige for økonomien i landet sidan dei er av dei få dyrkbare områda her.

Klima endre

Hellas har typisk solrikt og varmt middelhavsklima (Stranda Porto Katsiki på Levkáda).

Det er ikkje så enkelt å skildre klimaet i eit land som har 2000 øyar, høge fjelltoppar og luftmassar som kjem frå både subtropiske og polare strøk. Middelhavet styrer likevel det meste av klimaet, og den våtaste tida på året er vinteren. Somrane er så godt som heilt tørre, og størst sjans for regnbyger har ein lengst nord, men sjølv Thessaloníki får berre nokre få våte dagar kvar månad. Temperaturen i låglandet vert ofte svært høg (30-35 °C), og nattetemperaturen i Athen går normalt ikkje under 22 °C i juli og august. Hellas sine varmaste område er det indre låglandet i Peloponnes og Thessalía. I kystområda vert som regel varmen dempa av ein lett sjøbris, og mange område får ein vedvarande nordleg vind kalla etesian. Som dei fleste andre stader i verda minkar temperaturen med høgda, men i Hellas kanskje meir enn andre stader. På ein varm ettermiddag kan temperaturen faktisk søkke med så mykje som 8 °C per 1000 m.

Nedbøren tek seg litt opp på hausten, og ein kan få enkelte torebyer. Sjølv midtvinters har ein likevel lengre periodar med sol, kalla «dei lykkelege dagane». Mest nedbør får vestsida av Pindos-- og Peloponnesfjella, ofte i form av snø. På grunn av alle fjellområda og alle øyane har kaldlufta frå nord problem med å trenge langt sør. Det betyr at kystbyane i nord er mykje kaldare enn Athen og dei sørlege områda om vinteren. Kraftig kulde er sjeldan, men eit par gonger om vinteren kan snøbyene gå så langt sør som til Peloponnes, og ein har ofte frost i enkelte dalstrøk. Om våren minkar nedbøren igjen, men i Thessaloníki byrjar den tørre perioden først i juni.

Athen har ein årleg nedbørsnormal på 402 mm, medan Thessaloníki i nord har 470 mm. Athen har derimot berre normalt 27 mm frå juni og ut august.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå gresk historie og Hellas i antikken.

I den greske bronsealderen voks det fram sivilisasjonar kring Egearhavet. Frå 3600 f.Kr. til 1000 f.Kr., var det rike kulturar knytt til det minoiske Kreta og det mykenske Peloponnes. Kring 800 f.Kr. oppstod det fleire bystatar. Polisane grunnla fleire koloniar kringom Middelhavet. Dei stod imot fleire persiske invasjonsforsøk og la grunnlaget for den Hellenistike sivilisasjonen. Aleksander den store spreia hellenismen over store delar av den då kjende verda.

Romarriket erobra Hellas i 168 f.Kr. Gresk kultur hadde då lenge hatt innflyting på Romarriket. Dei austlege delane av det romerske imperiet vart dominert av gresk kultur. Då det romerske riket vart delt i to, hamna Hellas i sentrum for dei austlege delane. Med Konstantinopel som sentrum spreidde Austromarriket gresk kultur. Konstantinopel fall i 1453, og området vart dominert av det osmanske riket.

Hellas var ein del av det osmanske riket heilt til 1820-talet, då grekarane gjorde opprør. Den greske sjølvstendekrigen varte frå 1821 til 1829, og enda med at Hellas fekk fullt sjølvstende.

Under den andre verdskrigen braut den greske borgarkrigen ut og varte til 1947. I 1967 var det militærkupp. I 1973 avskaffa militærstyret monarkiet. I 1974, etter å ha stått bak eit statskuppKypros, braut militærjuntaen saman. Året etter vart Hellas erklært som republikk, med eit demokratisk styresett. Hellas vart medlem av EU i1981.

Administrativ inndeling endre

Periferiar endre

For meir om dette emnet, sjå periferiar i Hellas.
KartNr.PeriferiHovudstadArealFolketal[4]
1Aust-Makedonía og ThrákiKomotiní3&504&14157&14 157 km²3&505&608182&608 182
2Sentral-MakedoníaThessaloníki3&504&18811&18 811 km²3&506&1882108&1 882 108
3Vest-MakedoníaKozáni3&503&9451&9 451 km²3&505&283689&283 689
4ÍpirosIoánnina3&503&9203&9 203 km²3&505&336856&336 856
5ThessalíaLárisa3&504&14037&14 037 km²3&505&732762&732 762
6Dei joniske øyaneKérkyra by3&503&2307&2 307 km²3&505&207855&207 855
7Vest-HellasPátra3&504&11350&11 350 km²3&505&679796&679 796
8Sentral-HellasLamía3&504&15549&15 549 km²3&505&547390&547 390
9AttikíAten3&503&3808&3 808 km²3&506&3828434&3 828 434
10PeloponnesTrípoli3&504&15490&15 490 km²3&505&577903&577 903
11Dei nordlege egeiske øyaneMytilíni3&503&3836&3 836 km²3&505&199231&199 231
12Dei sørlege egeiske øyaneErmoúpoli3&503&5286&5 286 km²3&505&309015&309 015
13KretaIráklio3&503&8259&8 259 km²3&505&623065&623 065
(14)Áthos (sjølvstyrt)Karyés3&502&390&390 km²3&503&1811&1 811

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Finley, M. I. Democracy Ancient and Modern. 2d ed., 1985. London: Hogarth.
  2. History of Philosophy, Volume 1 av Frederick Copleston
  3. Brockett, Oscar G. History of the Theatre. sixth ed., 1991. Boston; London: Allyn and Bacon.
  4. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Hellas