Den europeiske unionen

økonomisk og politisk union som består av 27 (hovudsakleg) europeiske medlemsland
Den europeiske unionen

Det europeiske flagget
Det europeiske flagget

Motto: In varietate concordia
(latin: Sameint i ulikskap)
Nasjonalsong: «An die Freude»
Offisielle språkSjå dei offisielle språka til EU
Presidentskap for rådet for den Europeiske unionenKypros
President for EuropakommisjonenJosé Manuel Durão Barroso
President for EuropaparlamentetJosep Borrell
Areal
 - Totalt
Rangering 8
3,892,685 km2 (EU 25)
Folketal
 - Totalt (2004)
 - Folketettleik
Rangering 3
453 300 000 (EU 25)
116,4 innb/km²
BNP (2004)
 - Totalt
 - Per capita
Rangering 2
€10,202,336,800,000
€22,300
Grunnlagd
Som EEC
 - Signering
 - Ikraftsett

Som EU
 - Signering
 - Ikraftsetting


Romapakten
 - 25. mars 1957
 - 1. januar 1958

Maastricht-traktaten
 - 7. februar 1992
 - 1. november 1993

ValutaEuro (EUR eller €)
Unionsdag9. mai (Europadagen)
TidssoneUTC 0 til +2
Toppdomene.eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk

Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar frå De europeiske fellesskapene (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.

EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.

Historie endre

Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).

I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.

Den europeiske unionen fekk i 2012 Nobels fredspris.[1]

Organisering endre

Frå Europaparlamentet i Strasbourg.

EU har fem institusjonar:

I tillegg kjem fem viktige organ:

EUs tre søyler endre

EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:

  • 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
  • 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
  • 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.

Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegner av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegner av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.

Medlemsland endre

ÅrLandAreal (km²)Innbyggarar (2011)HovudstadValuta
1957  Belgia30 52810 431 477BrusselEuro
1957  Frankrike674 84365 821 885ParisEuro
1957  Vest-Tyskland[1]357 02281 471 834BerlinEuro
1957  Italia301 34061 016 804RomaEuro
1957  Luxembourg2 586503 302LuxembourgEuro
1957  Nederland41 54316 847 007AmsterdamEuro
1973  Danmark43 0945 529 888KøbenhavnDansk krone
1973  Irland70 2734 670 976DublinEuro
1981  Hellas131 95710 760 136AthenEuro
1986  Portugal92 09010 760 305LisboaEuro
1986  Spania505 37046 754 784MadridEuro
1995  Austerrike83 8718 217 280WienEuro
1995  Finland338 1455 259 250HelsingforsEuro
1995  Sverige450 2959 088 728StockholmSvensk krona
2004  Republikken Kypros9 2511 120 489LevkosíaEuro
2004  Tsjekkia78 86710 190 213PrahaTsjekkisk koruna
2004  Estland45 2281 282 963TallinnEuro
2004  Ungarn93 0289 976 062BudapestForint
2004  Latvia64 5892 204 708RigaEuro
2004  Litauen65 3003 535 547VilniusEuro
2004  Malta316408 333VallettaEuro
2004  Polen312 68538 441 588WarszawaPolsk złoty
2004  Slovakia49 0355 477 038BratislavaEuro
2004  Slovenia20 2732 000 092LjubljanaEuro
2007  Bulgaria110 8797 093 635SofiaBulgarsk lev
2007  Romania238 39121 904 551BucureştiRumensk leu
2013  Kroatia56 5944 284 889ZagrebEuro
Totalt  Den europeiske unionen4 511 003507 752 126

Kandidatar endre

Nord-Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.

Noreg sitt tilhøve til EU endre

Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet [treng kjelde]. Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling [treng kjelde].


Andre relevante artiklar endre

Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den europeiske unionen