Usain Bolt

Usain Bolt (fødd 21. august 1986) er ein jamaicansk sprintar som har sett fleire verdsrekordar og vunne fleire meisterskap, mellom anna OL. I engelskspråklege media vert han kalla «The Lightning Bolt» ('Lynet').[1]

Usain Bolt

StatsborgarskapJamaica
Fødd21. august 1986 (37 år)
Sherwood Content
Yrkefriidrettsutøvar, løpar, fotballspelar, idrettsutøvar
Språkengelsk
Høgd196 centimeter
Nettstadhttps://usainbolt.com/
Usain Bolt på Commons
Bolt set verdsrekord på 200-meter under OL i Beijing.
Usain Bolt etter 100-meterfinalen i OL i 2008.

Karriere endre

Bolt vart fødd i Trelawny på Jamaica. Som 15-åring vann han ein gull- og to sølvmedaljar i juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2002 på heimebane i Kingston på Jamaica. I 2004 sprang han 200 meter på 19,93 sekund, og vart dermed den første junioren som sprang 200 meter på under 20 sekund. I 2007 sette han ny jamaicansk rekord på 200 meter med 19,75 sekund. I verdsmeisterskapen i friidrett i Osaka i 2007 vann han sølv på 200 meter, bak amerikanske Tyson Gay.

Bolt tok sin første verdsrekord på 100-meter den 31. mai 2008, med tida 9,72 sekund då han sprang på stemnet Reebok Grand Prix i New York. Dette var berre det femte seniorløpet hans på denne distansen. Under OL i Beijing i 2008 sette han nye verdsrekordar både på 100-meter (9,69 s) og 200-meter (19,30 s). Eitt år seinare, i august 2009, slo han begge desse rekordane med 9,58 s og 19,19 s under Verdsmeisterskapen i friidrett.Denne står enno som verdsrekord i 2018.

Bolt vert trena av Glen Mills og studerer ved University of Technology på Jamaica.

Fotball endre

Bolt starta i 2018 trening med fotballklubben Strømsgodset,[2] og spelte for denne klubben i ein venskapskamp mot det norske ungdomslandslaget (under 19 år). Han hadde nummer "9.58" på trøya som var hans eigen verdsrekord på 100 meter.[3]

Personleg rekord endre

(Per 27. juli 2008)

DatoDistanseStadTid (sekund)
31. mai 2008100 mBerlin9,58
150 m14,35Manchester
13. juli 2008200 mAthen i Hellas19,19
5. mai 2007400 mKingstonJamaica45,28

Merittliste endre

ÅrTurneringStadResultatDistanseTid (sekund)
2002JuniorverdsmeisterskapKingstonJamaica1.200 meter20,61
2002JuniorverdsmeisterskapKingston på Jamaica2.4 × 100 m stafett39,15 NJR
2002JuniorverdsmeisterskapKingston på Jamaica2.4 × 400 m stafett3:04,06 NJR
2003JuniorverdsmeisterskapSherbrooke i Canada1.200 meter20,40
2005Sentralamerikansk og karibisk meisterskapNassauBahamas1.200 meter20,03
2007Verdsmeisterskap i friidrettOsaka i Japan2.200 meter19,91
2008Reebok Grand PrixNew York i USA1.100 meter9,72 (Verdsrekord)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre