Folégandros

Folégandros (gresk Φολέγανδρος), òg kalla Pholegandros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I lag med Síkinos, Íos, Anáfi og Santoríni dannar ho den sørlege delen av øygruppa. Ho har eit areal på 32 km² og 719 innbyggjarar (2021). Øya har tre små landsbyar, Khóra eller Folégandros, Karavostásis og Áno Meriá.

Folégandros
Lokalt namn Φολέγανδρος
Klipper ved Khóra på Folégandros
Klipper ved Khóra på Folégandros
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar36°37′N 24°54′E / 36.617°N 24.900°E / 36.617; 24.900
ØygruppeKykladane

Areal32,216 km²

Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Største busetnadFolégandros (370 innb.)

Demografi
Folketal719 (2021[1])
Folketettleik22,3 /km²

Folégandros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Folégandros 719 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 370 innbyggjarar.[1]

Geografi

endre

Folégandros har eit variert landskap med mellom anna høge klipper og ei stor grotte. Hovudbyen Khóra er bygd på kanten av ei 200 meter høg klippe. Hamna på øya er den litle landsbyen Karavostásis.

Folégandros er ei av mange avsidesliggande greske øyar med natur i flotte omgjevnadar. Med det klåre blå vatnet er strendene her kåra til blant dei ti beste i verda av Travel Channel.

Historie

endre

Lite er kjend om den antikke historia til Folégandros. Innbyggjarane var dorianarar og ho kom seinare athensk styre. Øya vart erobra i 1207 av venetianaren Marco Sanudo og var under Venezia fram til 1566, då ho vart ein del av Det osmanske riket. Grekarane tok øya tilbake på 1800-talet.

Byar og tettstader

endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Folégandros (Khóra)425370
Áno Meriá243259
Karavostásis8784
Agáli93
Ájos Jeórjios02
Livádi11

Småøyar i kommunen:

  • Ájos Ioánnis (0)
  • Tría Adélfia (0)

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre