Titrering
Titrering er ein analysemetode der ein gradvis set til ein reagens (titrant) i ei prøve til reaksjonen er fullstendig. Slik kan ein finna konsentrasjonen av ein analytt.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/0/0b/Titration.png)
Eksperimentelt oppsett
endreAnalytten er ofte i ein erlenmeyerkolbe eller eit begerglas. Titrant vert tilsett frå ei byrette, og kan blandast inn i analytten ved hjelp av ein magnetrørar. Når endepunktet (omslagspunktet) er funne les ein av på byretta kor mykje titrant som er tilsett. I visse tilfelle kan det vera praktisk å ha analytten i byretta. Dette vert kalla omvend titrering.
Det er òg mogleg å bruka titrator.
Typar titrering
endre- Syre-base-titrering. For å finna endepunktet kan ein bruka eit pH-meter eller ein passande indikator. Ved bruk av sterk syre og sterk base vil endepunktet ha pH tilnærma lik 7.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkEM i fotball 1992EM i fotball 2021Spesial:Siste endringarTrygve Slagsvold VedumAndre verdskrigenKristina av SverigeJonsokØresundbruaEM i fotball 2024Fotball-EM 1988Wikipedia:KontaktVM i fotball 2022MidsommarSvartifossDet nederlandske koloniriketRonald KoemanDet engelske herrelandslaget i fotballLønn16. juniKamsKleopatraWikipedia:Gode nynorskordHitoshi ShiotaKrøllalfaDet norske alfabetetDet Liberale Folkepartiet (1972-1988)Google MapsWikipedia:AtterhaldWikipedia:OmKategori:Noregsmeisterskap i friidrettKategori:Lagmalar for fotball-EM 2024EuropaEM i fotball 2000TysklandDet tyske herrelandslaget i fotball