Regionar i Frankrike

Regionar i Frankrike er administrative einingar som delar landet inn i 18 område (fransk régions). Av desse ligg 13 regionar i Europa (France métropolitaine), medan fem er oversjøiske regionar som ligg i andre verdsdelar. Kvar av dei europeiske regionane er vidare delt inn i departement, medan dei oversjøiske regionane kvar utgjer både ein region og eit departement.

Regionar i Frankrike frå 1. januar 2016.

Andre folkesette oversjøiske område som høyrer til den franske republikken har større grad av lokalt sjølvstyre og er dermed ikkje regionar, men såkalla kollektiv, og er difor ikkje med på regionlista. Franske oversjøiske besittelsar utan fast busetjing har status som territorium, og er direkte underlagt den franske regjeringa.

Bakgrunn endre

Ny regioninndeling vedteken av den franske nasjonalforsamlinga og senatet.

Før den franske revolusjonen i 1789 var landet delt i provinsar. Provinsane blei oppheva og erstatta av departement den 4. mars 1790, og desse eksisterer enno som lokalt forvaltingsnivå. Departementa er styrte av ein prefekt (tilsvarande fylkesmann) og ei folkevald forsamling (conseil général). Dei 101 departementa var per 2016 delt inn i 35 585 kommunar, med eigne folkevalde ordførarar og kommunestyre. Også denne ordninga blei oppretta under revolusjonen.[1]

Regionane blei først skipa den 2. mars 1982 som eit nytt forvaltingsnivå mellom staten og departementa. Dei fleste regionane fall i stor grad saman med historiske provinsar og fekk namn etter desse. Regionane er styrte av eit folkevald regionråd (conseil régional) leia av ein president. Ansvarsområdet til regionane er hovudsakleg vidaregåande og høgare utdanning og forsking, yrkesopplæring, økonomisk utvikling, arealbruk og infrastruktur. I tillegg har dei ein rett til mogleg bruk av lokal folkerøysting. Frå 1. januar 2016 blei talet på regionar i France métropolitaine redusert frå 22 til 13.

Regionane endre

17. desember 2014 vedtok det franske parlamentet ein lov som reduserte talet på regionar i France métropolitaine frå 22 til 13, gjeldande frå 1. januar 2016.[2] Dei oversjøiske regionane Guadeloupe, Martinique, Fransk Guyana, Réunion og Mayotte blei ikkje råka av dei territorielle endringane i regioninndeling.

Regionane fekk mellombelse namn som, bortsett frå for Normandie, var ei alfabetisk opplisting av namna på regionane som var slått saman. Endelege namn blei vedtekne av dei folkevalde forsamlingane til dei nye regionane (vald i desember 2015) innan 1. juli 2016.[3] 1. oktober 2016 var sett som frist for statsrådet si godkjenning av nye namn.[4][5] Namna blei endeleg fastsette ved dekret vedteke den 28. septemberen 2016 og offentleggjort i Journal officiel den 29. september 2016.[6]

Dei samanslåtte regionane med mellombelse og nye namn er:[4][5]

Tidlegare regionNy region -
mellombels namn
Ny region -
nytt namn[7]
Folketal basert
på folketeljinga
i 2013[8]
Hovudstad[9][7]
BourgogneBourgogne-Franche-ComtéBourgogne-Franche-Comté2 819 783Dijon
Franche-Comté
AquitaineAquitaine-Limousin-Poitou-CharentesNouvelle-Aquitaine5 844 177Bordeaux
Limousin
Poitou-Charentes
Basse-NormandieNormandieNormandie3 328 364Rouen
Haute-Normandie
AlsaceAlsace-Champagne-Ardenne-LorraineGrand Est5 552 388Strasbourg
Champagne-Ardenne
Lorraine
Languedoc-RoussillonLanguedoc-Roussillon-Midi-PyrénéesOccitanie5 683 878Toulouse
Midi-Pyrénées
Nord-Pas-de-CalaisNord-Pas-de-Calais-PicardieHauts-de-France5 987 883Lille
Picardie
AuvergneAuvergne-Rhône-AlpesAuvergne-Rhône-Alpes7 757 595Lyon
Rhône-Alpes

Følgjande regionar blei ikkje råka av reforma som gjaldt frå 1. januar 2016:

RegionFolketal ved
folketeljinga i 2013[8]
Bretagne3 258 707
Centre-Val de Loire2 570 548
Korsika320 208
Île-de-France11 959 807
Pays de la Loire3 660 852
Provence-Alpes-Côte d'Azur4 953 675

Tidlegare regionar endre

Regioninndelinga slik ho var fram til 1. januar 2016.

Dei tidlegare franske regionane i Euorpa med inndelinga i departement
RegionVåpenFolketal2012



[10]
Areal km²Innb./km²Hovudstad
Alsace 1 859 8698 280224Strasbourg
Aquitaine 3 285 97041 30879Bordeaux
Auvergne 1 354 10426 01352Clermont-Ferrand
Basse-Normandie 1 477 20917 58984Caen
Bourgogne 1 641 13031 58252Dijon
Bretagne 3 237 09727 208118Rennes
Centre-Val de Loire 2 563 58639 15165Orléans
Champagne-Ardenne 1 339 27025 60652Châlons-ein-Champagne
Franche-Comté 1 175 68416 20272Besançon
Haute-Normandie 1 845 54712 317149Rouen
Île-de-France 11 898 50212 012987Paris
Korsika 316 2578 68036Ajaccio
Languedoc-Roussillon 2 700 26627 37698Montpellier
Limousin 738 63316 94244Limoges
Lorraine 2 349 81623 547100Metz
Midi-Pyrénées 2 926 59245 34864Toulouse
Nord-Pas-dei-Calais 4 050 75612 414326Vesle
Pays dei la Loire 3 632 61432 082112Nantes
Picardie 1 922 34219 39999Amiens
Poitou-Charentes 1 783 99125 81069Poitiers
Provence-Alpes-Côte d'Azur 4 935 57631 400157Marseille
Rhône-Alpes 6 341 16043 698144Lyon
France métropolitaine63 375 971543 965117
Fransk Guyana 239 64883 5343Cayenne
Guadeloupe 403 3141 628249Basse-Terre
Martinique 388 3641 128348Fôra-dei-France
Mayotte 217 091374577Mamoudzou
Réunion 833 9442 504330Saint-Denis
Oversjøiske regionar2 082 36189 16823

Reform og samanslåing av regionar endre

Tidlegare forslag endre

Kjelder endre

  1. «La France aux 36 000 communes, c’est fini !», Lagazette.fr, 18. mai 2016. Lest 8. oktober 2016.
  2. La carte à 13 régions définitivement adoptée, Le Monde, 17. desember 2014, besøkt 2. januar 2015
  3. Quel nom pour la nouvelle région ? Vous avez choisi..., Sud-Ouest, 4. desember 2014, besøkt 2. januar 2015
  4. 4,0 4,1 «AVANT/APRES. Découvrez les 13 noms des nouvelles régions de France» (på fransk). 2. juli 2016. Henta 3. juli 2016. 
  5. 5,0 5,1 Durand, Anne-Aël (1. juli 2016). «Nouvelles régions : « Changer de nom ne modifie pas la perception du territoire »». Le Monde.fr (på fransk). 
  6. «Les noms des nouvelles régions sont actés», Ministère de l'intérieur, 29. september 2016. Lest 6. oktober 2016.
  7. 7,0 7,1 «Nouvelles régions : les décrets fixant le nom et le chef-lieu sont parus», vie-publique.fr, Direction de l'information légale et administrative. 29. september 2016. Lest 6. oktober 2016.
  8. 8,0 8,1 «Populations légales 2013 des régions», Insee. Lest 4. juli 2016.
  9. «Ces nouvelles régions en quête d'identité», Le Monde, 1. juli 2016. Lest 5. juli 2016.
  10. Insee: Legal folkemengde, 2012