Red Red Wine

song av Neil Diamond
Red Red Wine
Singel av Neil Diamond
frå albumet Just for You
B-side

«Red Rubber Ball»

Språkengelsk
Utgjeve13. april 1968
SjangerPop
Lengd2:42
SelskapBang Records
KomponistNeil Diamond
TekstforfattarNeil Diamond
Låtskrivar(ar)Neil Diamond
ProdusentJeff Barry, Ellie Greenwich
Neil Diamond-kronologi 
«New Orleans»
(1968)
Red Red Wine«Brooklyn Roads»
(1968)


«Red Red Wine» er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond. Han har sidan vorte spelt inn av Tony Tribe, Jimmy James & the Vagabonds og mest kjend av den britiske reggaegruppa UB40, som tok songen til toppen av både Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart. Diamond-versjonen nådde 62. plass på Billboard Hot 100 i 1968. Diamond spelte sidan ein UB40-inspirert versjon av songen på turneane sine. Denne versjonen vart gjeven ut på samleplata The Greatest Hits (1966-1992).

Innhald

endre

Teksten vert sungen frå perspektivet til nokon som meiner at ein berre ved å drikke raudvin kan gløyme smertene sine, familekrangel, arbeidet sitt og ikkje minst ei kvinne som stadig dukkar opp i tankane på han som drikk. Ved å drikke forsvinn smerta og han kjenner seg noko betre, men oppdagar så at den same kvinna som fekk han til å drikke kjem inn i baren og dette får han til kjenne seg enno dårlegare. Etter å ha drikke for mykje snublar han ut på gata der han vert funnen av det som verkar å vere faren som tilbyr han å hjelpe han opp på beina.

Lister

endre
Liste (1968)Plassering
U.S. Billboard Hot 10062

UB40-versjonen

endre
Red Red Wine
Singel av UB40
frå albumet Labour of Love
B-side

«Sufferin'»

Språkengelsk
Utgjeve20. august 1983
SjangerReggae fusion
Lengd5:21 (1988-versjonen)
3:01 (1983-versjonen)
SelskapDEP International (UK)
A&M (US)
KomponistNeil Diamond
TekstforfattarNeil Diamond
ProdusentUB40, Ray «Pablo» Falconer
UB40-kronologi 
«I've Got Mine»
(1983)
Red Red Wine«Please Don't Make Me Cry»
(1983)


UB40 sin versjon av songen vart spelt inn for albumet Labour of Love. I følgje bandet kjende dei berre til Tony Tribe-versjonen (og forstod ikkje at låtskrivaren, som berre var omtalt som Diamond, i røynda var Neil Diamond), og versjonen deira har ein lettare reggaestil samanlikna med den mørkare, akustiske balladen til Diamond. UB40-versjonen inneheld eit munnleg vers av UB40-medlemmet Astro, som opnar: «Red Red Wine, you make me feel so fine/You keep me rocking all of the time» — som vart teken bort frå singelen som nådde toppen av lista av Storbritannia i august 1983 og 34. plassen i USA i mars 1984. I 1988 vart songen gjeve ut på ny som singel i USA, denne gongen med Astro-verset, og gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100.

Lister (UB40-versjonen)

endre
Liste (1984)Plassering
Australia (ARIA)[1]2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2]5
Canada (RPM)2
Tyskland (Media Control AG)[3]12
Irland (IRMA)1
Nederland (Dutch Top 40)[4]1
New Zealand (RIANZ)[5]1
Noreg (VG-lista)[6]10
Sverige (Sverigetopplistan)[7]14
Sveits (Schweizer Hitparade)[8]8
Storbritannia (The Official Charts Company)1
U.S. Billboard Hot 10034
Liste (1988)Plassering
U.S. Billboard Hot 1001

Andre versjonar

endre

Andre artistar som har spelt inn songen er Jimmy James and The Vagabonds (36. plass i Storbritannia i 1967), Tony Tribe (reggae-versjon i 1969, 46. plass i Storbritannia)[9], Charles Mann (1969), Vic Dana (1970, 74. plass i USA), Roy Drusky (1972, 17. plass på countrylista i USA), The Hobos (2004), Peter Tetteroo, Elan Atias (2001) og Sizzla (2008).

Kjelder

endre