Melodi Grand Prix 2016

54. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 2016 var den 54. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti songar deltok i finalen 27. februar 2016 i Oslo Spektrum i Oslo, og vinnaren blei «Icebreaker», framført av Agnete Johnsen. Ho har skrive låten saman med Gabriel Alares og Ian Curnow. Johnsen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm, der «Icebreaker» blei slått ut i andre semifinale. Dette var første gong sidan 2011 at Noreg ikkje var med i ein Eurovision-finale.

Melodi Grand Prix 2016
Dato
Finale27. februar 2016
Vertskap
FinaleOslo Spektrum
ProgramleiararSilya Nymoen og Kåre Magnus Bergh
KringkastarNorsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar10
Vinnar
Song«Icebreaker»
ArtistAgnete
Resultat i Eurovision Song Contest 2016
Semifinalepoeng63
Semifinaleplass13.
FinalepoengIkkje kvalifisert
FinaleplassIkkje kvalifisert
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2015 Melodi Grand Prix 2017

Sendinga

endre

Rundt tusen låtar kom inn til NRKs opne konkurranse, noko som var på nivå med rekordåret 2010. I tillegg oppsøkte redaksjonen utvalde artistar og låtskrivarar for å få dei til å bidra med låtar til konkurransen. Ein jury plukka ut ti av bidraga til finalen i Oslo Spektrum laurdag 27. februar.[1]

Artistmanager Jan Fredrik Karlsen tok dette året over som musikkansvarleg for Melodi Grand Prix etter Vivi Stenberg. Karlsen fortalde at han ikkje ville gå etter dei største namna, men heller ferske artistar som «ikkje er heilt fullblods enno».[1] Artistane blei presenterte under ein pressekonferanse 19. januar 2016, og låtane blei offentleggjort 2. februar.[2] Trass Karlsens strategi var det fleire kjende namn i startfeltet, med Stage Dolls, Freddy Kalas og Agnete Johnsen som dei mest kjende.

Programleiarar var Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen. Dei leia også tevlinga i 2015. Undervegs i sendinga dukka fleire tidlegare Melodi Grand Prix-vinnarar opp på scena. Kate Gulbrandsen song «Mitt liv» frå 1987, fjorårsvinnarar Mørland og Debrah Scarlett song «A Monster Like Me» og Åse Kleveland song «Intet er nytt under solen» frå 1966. Tidlegare deltakar Reidun Sæther og 2004-vinnar Knut Anders Sørum song «Adieu» frå 1982, «Mil etter mil» frå 1978 og «Optimist» frå 1989. Etter dette dukka Jahn Teigen overraskande opp og framførte «Voodoo» frå 1976 – i skjelettdrakt. Artistane heidra også Nora Brockstedt som døydde hausten 2015. Ho var Noregs første Melodi Grand Prix-vinnar.

Sjåarane kunne røyste på dei ti finalelåtane per SMS, og dei fire låtane som fekk flest røyster, gjekk vidare til gullfinalen. Der blei dei fire gullfinale-låtane framførte på nytt, før sjåarane røysta ein gong til. Den klare vinnaren blei Agnete Johnsen med «Icebreaker». Ho fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest i Stockholm.

Resultat

endre

Første runde

endre
Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus
1«Laika»The Hungry Hearts[3] med Lisa DillanTonje GjevjonUplassert
2«Into the Fire»Stage DollsTorstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir RustanUplassert
3«Traces»Stine Hole UllaStine Hole Ulla, Ingrid Skretting og Trude Kristin KlæboeUplassert
4«Stand Up»MakedaDanne Attlerud, Michael Clauss og Thomas ThörnholmUplassert
5«Anyway»PegasusTommy Nilsen og Ronny NilsenUplassert
6«Feel Da Rush»Freddy KalasFredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer HuseGullfinale
7«Afterglow»Laila SamuelsLaila Samuelsen, The Beatgees og Jan WeigelLaila SamuelsenGullfinale
8«History»ElouizAndré Lindahl, Jeanette Olsson, Michael JayUplassert
9«Anna Lee»Suite 16David Bjoerk, Andreas Moe, David Eriksen, Alexander AustheimGullfinale
10«Icebreaker»AgneteAgnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian CurnowGullfinale

Gullfinale

endre
Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarRøysterPlass
6«Feel Da Rush»Freddy KalasFredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse88 1282
7«Afterglow»Laila SamuelsLaila Samuelsen, The Beatgees og Jan WeigelLaila Samuelsen48 8654
9«Anna Lee»Suite 16David Bjoerk, Andreas Moe, David Eriksen, Alexander Austheim56 6713
10«Icebreaker»AgneteAgnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow166 7281

Røysting

endre

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster, og gullfinalistane hadde med seg røystene frå første runde. Røystene var delte i fem geografiske regionar ut frå kor i landet dei blei sende frå, og tala i tabellen under viser mottatte SMS-røyster. Dei blei leste opp av sjåarar som heldt Grand Prix-festar rundt om i landet. «Icebreaker» leia røystinga heile vegen og vann til slutt klart.[4]

Nr.TittelMidt-NoregNord-NoregSør-NoregVest-NoregAust-NoregTotalt
6«Feel Da Rush»8 56211 6168 99810 79848 15488 128
7«Afterglow»6 4794 8515 9376 22425 37448 865
9«Anna Lee»6 6675 5484 8818 57231 00356 671
10«Icebreaker»14 89851 09714 82518 57467 334166 728

Hendingar

endre

Opphavleg skulle Freddy Kalas stille med «Happy Rush». Låten blei diskvalifisert frå tevlinga, fordi han var for lik «Cannabus» som Kalas gav ut i 2011.[5] NRK let likevel Kalas få delta med ein annan song – «Feel Da Rush».[6] Avgjerda var omdiskutert, og fleire kommentatorar meinte Kalas ikkje burde ha fått delta med ein ny song.[7] Trass kritikken blei «Feel Da Rush» den desidert mest populære låten på førehand. Fram til finaledagen var Kalas sin låt spelt tre millionar gonger på musikkstrøymetenesta Spotify, noko som utgjorde 90 prosent av alle avspelingar av finalelåtane dette året.[8] «Feel Da Rush» blei også ein stor hit og låg heile 21 veker på VG-lista med ein andreplass som beste notering.[9] Vinnaren «Icebreaker» låg fire veker på lista, med ein åttandeplass som beste notering.[10]

Den norske finalen blei sett av 1 313 000, det høgaste talet sidan finalen i 2010.[11]

Artistar som tidlegare har medverka i Melodi Grand Prix

endre
PersonBidrag i 2016Rolle i 2016Tidlegare
år
Tidlegare bidragTidlegare rollePlassering i tidlegare tevling
FinalenSistesjansenSemifinalen
Silya NymoenProgramleiar (med Kåre Magnus Bergh)2012«Shapeshifter»Låtskrivar (med Rikke Normann)XIkkje arrangertUkjend
«Euphoria»Artist (under namnet SiLyA)
Låtskrivar
XUkjend
2013«Hold On»Låtskrivar (med KeiOne og John Lundvik)XUkjend
2015Programleiar (med Kåre Magnus Berg)
Kåre Magnus BerghProgramleiar (med Silya Nymoen)2015Programleiar (med Silya Nymoen)
Agnete Johnsen«Icebreaker»Artist (under namnet Agnete)
Låtskrivar (med Gabriel Alares og Ian Curnow)
2011«Dance Tonight»Artist (del av The BlackSheeps)
Låtskrivar (med Emelie Nilsen)
2Direktekvalifisert2
David Eriksen«Anna Lie»Låtskrivar (med David Bjoerk, Andreas Moe og Alexander Austheim)1998«Alltid sommer»Låtskrivar (med Linda Andernach Johansen)1Ikkje skipaIkkje skipa
2009«Butterflies»Låtskrivar (med Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre)2Direktekvalifisert1
2014«Sole Survivor»Låtskrivar (med Elisabeth Carew, Simon Climie og Mats Lie Skåre)UkjendIkkje arrangert3
Laila Samuelsen«Afterglow»Artist (under namnet Laila Samuels)
Låtskrivar (The Beatgees og Jan Weigel)
2014«Heal»Låtskrivar31

I tillegg har Agnete Johnsen vunne både Melodi Grand Prix Junior 2008 og Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 med «Oro jaska, beana», då som ein del av The BlackSheeps. David Eriksen var låtskrivar for «Alltid sommer», Noregs bidrag i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia. Songen enda på åttandeplass med 79 poeng.

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Østbø, Stein (2. desember 2015). «MGP-Karlsen: Tror på norsk seier»VG Nett.
  2. Hyttebakk, Jon Marius (19. januar 2016). «Her er årets MGP-artister»nrk.no.
  3. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  4. «Melodi Grand Prix 2016 – Finale». Norsk rikskringkasting. 27. februar 2016. Besøkt 20. august 2016.
  5. Talseth og Hegseth, Thomas og Morten (20. januar 2016). «Freddy Kalas-låt blir diskvalifisert fra Melodi Grand Prix»VG Nett.
  6. Aune og Alnes, Oddvin og Espen (20. januar 2016). «Freddy Kalas får fortsette i MGP»nrk.no.
  7. Talseth, Thomas (21. januar 2016). «Jostein Pedersen: Grand Prix i vanry»VG Nett.
  8. Pedersen og Braseth, Ruben og Sofie (27. februar 2016). «Freddy Kalas' «Feel Da Rush» er hørt mest av årets MGP-låter. Nordiske eksperter tror ikke han vinner av den grunn»Dagbladet.no.
  9. «VG-lista for 'Feel Da Rush'». Verdens Gang. Besøkt 20. august 2016.
  10. «VG-lista for 'Icebreaker'». Verdens Gang. Besøkt 20. august 2016.
  11. Alnes, Espen (29. februar 2016). «Beste MGP-finale sidan 2010»nrk.no.