Marokko i Eurovision Song Contest

Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Landet har berre delteke ei gong. Bidraget vart valt av SNRT.

Marokko


SNRT
Uttakingar
Internt1
Deltaking
Debutår1980
Deltakingar1
Beste resultat
Finalen18 (1980)
Verste resultat
Finalen18 (1980)
Poeng
Finalane7
Totalt7

Deltaking

endre

Marokko er det fyrste, og førebels einaste, afrikanske og arabiske landet som har delteke i Eurovision Song Contest. Det var òg fyrste gongen eit av bidraga var sunge på arabisk.

Songen, «Bitakat Hob», fekk berre sju poeng i tevlinga, alle frå Italia, og enda på 18. plass.

På grunn av den dårlege plasseringa i 1980 trekte Marokko seg frå tevlinga og har aldri delteke sidan.

Framtidig deltaking

endre

Den marokkanske kringkastaren 2M TV har uttrykkja sin intensjon om å verte medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). 2M TV vil gje det marokkanske folk ein sjanse til å delta i Eurovision Song Contest. Kringkastaren har berre høve til å delta om dei vert medlem i EBU.[1][2][3]

Bidraga i Eurovision Song Contest

endre
ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen-
PoengPlassPoengPlass
1980Samira Bensaïd«Bitakat Hob»Arabisk00718

Røystegjeving

endre

Finale

endre

Marokko har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Tyrkia012
02 Vest-Tyskland010
03 Storbritannia008
04 Sveits007
05 Sverige006

Marokko har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Italia007

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. «Commercial channel interested to join Eurovision Song Contest» (på engelsk). Oikotimes. 12. juli 2007. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 11. november 2012. 
  2. Kuipers, Michael (12. juli). «Morocco to return in the next few years?» (på engelsk). ESCToday. Henta 11. november 2012. 
  3. «Commercial channel interested to join Eurovision Song Contest» (på engelsk). Oikotimes. 31. august 2008. Arkivert frå originalen 6. september 2008. Henta 11. november 2012.