Kokosfeitt
(Omdirigert frå Kokosolje)
Kokosfeitt, kokossmør eller kokosolje er ein kvit halvfast masse laga av frøkviten i kokosnøtter, kopra. Kokosfeittet blir produsert ved pressing eller ekstraksjon av kjernen. Smeltepunktet til feittet er ca. 25 °C. Kokosfeitt blir brukt til ei rekkje ulike føremål innan næringsmiddelproduksjon og annan industri. Det er mellom anna mykje brukt til å laga margarin og såpe.
Kokosfeitt inneheld hovudsakleg glyserid av laurin-, myristin- og palmitinsyre. Vel 90 % av feittsyrene i feittet er metta.
Kjelder endre
- «Kokospalme» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.
- «Kokosfett» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.
Bakgrunnsstoff endre
🔥 Top keywords: HovudsideSvenska flaggans dagCarles PuigdemontSpesial:SøkSvartifossVerdas landOddmund Løkensgard HoelSpesial:Siste endringarHimalayaDet norske alfabetetKrøllalfaAndre verdskrigenWikipedia:KontaktDet svenske flaggetMidsommarJordbruksrevolusjonenSynnøve SvabøNormandieFensfeltetLønnLakseroljeplanteØresundbruaKategori:Noregsmeisterskap i friidrettMorten SandøyWikipedia:OmHjelp:InnhaldNasjonaldyrIslandNoregMoney av Pink FloydNazismeJonsokHeggspinnmøllWikipedia:AtterhaldOslo kommuneLavskrikjeTysklandElektrofagRussland