Jiaxing (hanzi 嘉兴, pinyin Jiāxīng) er eit byprefektur nord i provinsen Zhejiang ved kysten av Folkerepublikken Kina mot Austkinahavet. Prefekturet har eit areal på 3 915 km² , folketalet vart i 2016 berekna til 4,61 millionar. Innanfor bygrensene budde i kring 800 000 menneske.

Jiaxing
byprefektur
Nanhusjøen i Jiaxing
Land Kina
ProvinsZhejiang
Areal4 222,87 km²
Folketal 5 400 868 (2020)[1]
Kart
Jiaxing
30°45′08″N 120°45′00″E / 30.7522°N 120.75°E / 30.7522; 120.75
Wikimedia Commons: Jiaxing
Plasseringa av Jiaxing i Zhejiang.

Geografi

endre

Prefekturet Jiaxing omfattar to distrikt, tre byfylke og to fylke.

Byen Jiaxing ligg ved elva Huangpu, som renn vidare til Shanghai i nord, og derifrå ut i Chang Jiang og Austkinahavet.

Historie

endre

Det kinesiske kommunistpartiet vart formelt stifta i Jiaxing gjennom eit vedtak den 31. juli 1921 på ein båt ute på Nanhusjøen i Jiaxing sør for byen. Dette møtet fann stad etter at delegatene i hui og hast rømde frå Shanghai, der stiftingskongressen hadde vorte opna.

Næringsliv

endre

Jiaxing er ein av dei største produsentane av silke i Kina. I det heile er varer frå tekstilindustrien sterkt etterspurde. Byen er elles ein av verdas største eksportørar av lervarer. Også mekanisk, kjemisk og elektronisk industri er utbreidd i Jiaxing.

Samferdsle

endre

Kinas riksveg 320 går gjennom området. Han tek til i Shanghai og går sørvestover via Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali til grensa mellom provinsen Yunnan og Myanmar.

Kjelder

endre