Evrytanía

Periferieininga Evrytanía
Περιφερειακή ενότητα Ευρυτανίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiSentral-Hellas
HovudstadKarpenísi
Folketal17 428 (2021[1])
Areal1 869 km² Rangering 35.
Folketettleik9/km²
Kommunar2
Postnummer36x xx
Retningsnummer22370
BilnummerKH
Heimesidewww.evrytania.gr

Periferieininga Evrytanía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ευρυτανίας, Periferiakí enótita Evrytanías) er ei periferieining i Hellas. Ho er ein del av periferien Sentral-Hellas og hovudstaden i periferieininga er Karpenísi.[2] Periferieininga vart oppretta som eit prefektur i 1947 ut av Etoloakarnanía. Ho består nesten berre av fjell, inkludert Tymfristós og Panetolikó i sør. Av elvar finn ein mellom anna Akhelóos i vest og Agrafiótis og Mégdovas i aust, som renn ut i Det joniske havet. Periferieininga er eit av dei minst folkesette i Hellas og ei av få periferieiningar som berre nyttar eitt retningsnummer. Evrytanía grensar til Etoloakarnanía i vest, sørvest og i sør (vest for Akhelóos), Kardítsa i nord og Fthiótida i aust. Evrytanía har eit stort skisenter nær Karpenísi i Tymfristósfjella.

Administrativ inndeling endre

Tidlegare var Evrytanía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
Postnummer
EvrytaníaÁgrafaÁgrafa360 73
Aperandía360 72
Aspropótamos360 70
Frangísta360 71
Víniani360 71
KarpenísiKarpenísi361 00
Domnísta360 76
Fourná360 80
Ktiménia360 80
Potamiá360 75
Prousós360 74

Klima endre

Evrytanía har ei blanding av middelhavsklima og fjellklima i dei vestlege områda og mykje av området får snø om vinteren. Sommarmånadane er derimot varme.

Historie endre

Evrytanía har sitt opphav i antikken. Det vart ein del av Romarriket og seinare ein del av Austromarriket. I ein periode på 1200-talet vart det styrt av frankarane før Det osmanske riket erobra område på 1300-talet. I motsetnad til det meste av Hellas på denne tida var området rundt Ágrafa nesten heilt sjølvstyrt. Etter 400 år under osmansk styre vart Evrytanía igjen ein del av Hellas etter den greske sjølvstendekrigen. Økonomien betra seg med jordbruk, men landsbyane var framleis fattige. Området vart råka av den andre verdskrigen og seinare av den greske borgarkrigen. Mot slutten av 1940-talet vart det fred i området og økonomien blømde, sjølv om innbyggjartalet i landsbyane minka. Området fekk elektrisitet, radiokommunikasjon, motortransport og betre vegar i 1950-åra.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KarpenísiKarpenísi7 1836 655
Dytikí FrangístaÁgrafa355313
FournáKarpenísi298304
RaptópouloÁgrafa327279
GranítsaÁgrafa371262

Referansar endre

Kjelde endre


39°00′N 21°40′E / 39.000°N 21.667°E / 39.000; 21.667