Europaveg 8

Europaveg 8 (E8) er ein europaveg som går frå Tromsø til Åbo (finsk Turku) i Finland. Mellom Nordkjosbotn og Skibotn delar han trasé med europaveg 6. I Finland følgjer han i hovudsak grensa til Sverige ned til Bottenvika. Vegen har ei lengd i Noreg (utanom felles trasé med E6) på 117,9 km.

E8

Trasé fastlagt av UNECE: Tromsø - Nordkjosbotn - Skibotn - Kilpisjärvi - Torneå - Uleåborg - Vasa - Åbo.

Historikk endre

Namnet E78 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå. UNECE avgjorde i 1983 å reformere systemet. E78 skulle få nummeret E08 og E6 skulle få nummeret E47. Det tok nokre år med forhandlingar om E6 og først 1992 vart det nye systemet innført i Noreg der E8 gjekk (Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå). E8 vart forlenga frå Torneå til Åbo i 2002. Før 1985 gjekk E8 frå London via Hoek van Holland - Hannover - Berlin til Brest i Kviterussland.

Knutepunkt endre

For meir om dette emnet, sjå europaveg 8 i Noreg og europaveg 8 i Finland.
Tromsøysundet, Tromsø. E8 passerer under brua i forgrunnen.
Nordkjosbotn frå aust under Nordkjosmessa 2007..
Grensestein på grensa mellom Noreg og Finland
Riksveg 21 ved Kilpisjärvi
Noreg
TraséStadKnutepunktMerknad
Tromsø
Tromsøysundtunnelen3500 m, 102 muh.
NordkjosbotnE6felles trasé til Skibotn
SkibotnE6
Kilpisjärvi
Finland
TraséStadKnutepunktMerknad
21Kilpisjärvi
Leutsuvaarat det høgaste punktet på vegen, 570 moh.
KaaresuvantoE45 Karesuando, Sverige
29TorneåE4 29
Torneå-Salminpää
4KeminmaaE75 4felles trasé til Haaransilta
Haukipudas-Kello
Uleåborg
8Limingo-HaaransiltaE75 4
3VasaE12 3felles trasé til Marasbacken
8MarasbackenE12 3
Reso
Åbo-OxbackaE63
Åbo-HamnE18

Kjelder endre

sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre