Bladlus
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Leddyr Arthropoda
Underrekkje:Seksfotingar Hexapoda
Klasse:Insekt Insecta
Infraklasse:Neoptera
Orden:Nebbmunnar Hemiptera
Underorden:Sternorrhyncha
Overfamilie:Bladlus Aphidoidea
Latreille, 1802

Bladlus er ei gruppe insekt (nebbmunnar) som lever av plantekost. Det er kjend rundt 4 000 artar fordelt på 10 familiar, om lag 250 av desse vert rekna som skadedyr innanfor landbruk, skogbruk og hagedyrking. Dei finst over heile verda, men er mest vanlege i tempererte strok.

Bladlus varierer i storleik frå 1 til 10 millimeter. Dei er hovudføde for marihøner, lever stundom i mutualisme med maur og kan formeira og spreie seg særs fort.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.