Biologisk klasse
taksonomisk rang
Biologisk klasse er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein klasse kan omfatte ein eller fleire skylde ordenar, og ein eller fleire skylde klassar blir samanfatta som ei rekkje.
I likskap med andre kategoriar (med unnatak av art) er det eit reint skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle ei klasse.I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.
I botanikken blir det vitskapelege namnet for ein klasse danna ved at rota til namnet på typusslekta får endinga -phyceae (for algar), -opsida (for landplanter) eller -mycetes (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underklasser er -phycidae, -idae og -mycetidae.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Klasse (biologi)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2006.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkKleopatraVerdas landSpesial:Siste endringarJohan Daniel BerlinFredrik SolvangJohannes HarvikenDet norske alfabetetHåvard TaugbølKaroline KnottenHelena BrodtkorbLars MonsenWikipedia:OmWikipedia:KontaktTysklandAstrid SWikipedia:AtterhaldPetter NorthugThomas DybdahlIsraelHege SchøyenFontanellDei fire store i norsk rockRosenkavaleren19. januarRiver av Joni MitchellHerbert von KarajanFil:Sifan Hassan - 120609-011.jpgCecilie Broch KnudsenBrennverdiBolsjevismeBelgiaKrøllalfaHjelp:InnhaldBillie HolidayKrapina-ZagorjePomperipossa i MonismanienOdd Nerdrum