Basel-Landschaft

Basel-Landschaft
Tysk: Basel-Landschaft
Fransk: Bâle-Campagne
Italiensk: Basilea Campagna
Retroromansk: Basilea-Champagna

Våpenet til Basel-Landschaft

Kart som viser kvar i Sveits Basel-Landschaft ligg.

HovudstadLiestal
Folketal275 536 (2011)
Areal517,56 km²
Folketettleik532/km²
ForkortingBL
Kanton sidan1501
Høgaste toppHinteri Egg (1169 moh)

Basel-Landschaft er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 518 km² og 275 536 innbyggarar i 2011. Liestal er hovudstad i kantonen Basel-Landschaft.

Geografi endre

Luftfoto over Langenbruck i distriktet Waldenburg
Kart over distrikta i Basel-Landschaft

Kantonen grensar til regionen Alsace i Frankrike i vest, og delstaten Baden-Württemberg i Tyskland i nord. Dessutan grensar Basel-Landschaft til kantonane Basel-Stadt, Aargau, Solothurn og Jura. Høgste punktet er Hintere Egg på 1 169 meter over havet. Lågastliggande punktet er der elva Birs renn ut i Rhinen, 246 moh.

Språk og samfunn endre

Tysk er både talemål og embetsspråk. Folk har rett på svar på eige språk frå embetsverket, dersom ein brukar eit av dei andre offisielle språka i Sveits. 20% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. Italienarar og tyskarar utgjer dei klart største utanlands-kontingentane, men det finst òg mange frå Tyrkia og Serbia. Om lag 43% av innbyggarane er protestantar, 32% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Både den reformerte og den romersk-katolske kyrkja har status som statskyrkjer (Landeskirche).

Distrikt og kommunar endre

Basel-Landschaft består av fem distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 86 kommunar.Dei fem distrikta har namn etter administrasjonsbyane, og er Arlesheim, Laufen, Liestal, Sissach og Waldenburg.

Historie endre

Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Landschaft saman med Basel-Stadt kantonen Basel. Dei to kantonane vart, fram til 1999, då det omgrepet vart fjerna frå Sveits si grunnlov, omtala som 'halvkantonar'. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har ei røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Originaltekst av Basel-Landschaft ved Wikisource.