Atelier
Atelier (uttalt atelié eller atlié, frå fransk for fransk ‘verkstad’)[1] er arbeidsrommet, studioet eller verkstaden til ein biletkunstnar, fotograf eller ein annan kreativ utøvar.[2] Nemninga blir òg brukt om arbeidslokale for kunstindustri og enkelte typar skredderi og finare systover. Tilgang på naturleg lys er ofte viktig i eit godt atelier.
Ateliers libres var uformelle akademi som utvikla seg på 1800-talet; der det blei skaffa modellar, men ikkje gitt noka undervisning.[2] Desse var ettertrakta av avantgarde-kunstnarar. Charles Gleyre sitt atelier blei brukt som møtestad for unge Monet, Renoir og Sisley,[3] og det finst ei levande skildring av den uformelle omgangsforma i George du Maurier sin roman Trilby (1894).
Galleri
endre- L'atelier de Bazille (1870) av Frédéric Bazille
- Viktor Tilgner in seinem Atelier av Hans Temple
- P.S. Krøyer sitt atelier med nordvendt takvindauge.
- Zdenka Braunerová sitt atelier i Roztoky
- Atelier i Tyskland (2017)
Kjelder
endre- ↑ «atelier» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 Mørstad, Erik (1996). Malerileksikon. Ad notam Gyldendal. s. 31–32. ISBN 82-417-0596-4.
- ↑ «Charles Gabriel Gleyre». Henta 8. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Atelier» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
endre🔥 Top keywords: HovudsideCarles PuigdemontSpesial:SøkVerdas landDet tyske herrelandslaget i fotballSpesial:Siste endringarMoldauMidsommarUkrainsk matDet norske alfabetetKrøllalfaAndre verdskrigenJonsokWikipedia:KontaktHjelp:InnhaldGabonSvartifossTysklandEM i fotball 2021Thomas MüllerKarl-Heinz RummeniggeHaugtussaLønnWikipedia:OmEuropaØyvind AlsakerØresundbruaWikipedia:SamfunnshusetVM i fotball 2022Franz BeckenbauerEM i fotball 1992Arafa-dagenNasjonaldyrBernard Dietz14. juniEM i fotball 2000Google MapsComité flamand de FranceWikipedia:Atterhald