Weald
Weald er eit område i det sørlege England, i grevskapa Kent, East Sussex og West Sussex. Det gammelengelske ordet weald tydde opphavleg «tett skog», frå ei indoeuropeisk rot som tydde «skog» eller «vill».
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/The_Weald_-_geograph.org.uk_-_68515.jpg/220px-The_Weald_-_geograph.org.uk_-_68515.jpg)
Området har eit areal på omkring 1300 km², og er erklært som eit område med eineståande ven natur. Blant byar i Weald er Tunbridge Wells, Tonbridge, Crawley og Sevenoaks.
Weald var eit sentrum for jernindustri frå romersk tid fram til det siste jernverket vart stengt i 1820. Særs mykje av skogen vart hoggen i mellomalderen, både til skipsbygging og til brensel for jernindustrien og tekstilindustrien. Sidan ingen av desse næringsvegane lenger nyttar tre har skogen i meir enn hundre år fått vekse til, og Weald er no eit av dei mest skogrike områda i England.
Andre område som har weald i namnet er North Weald Bassett i Essex og Harrow Weald i det nordvestlege London.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Weald» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.