Pukakisjøen

Pukakisjøen er den største av tre tilnærma parallelle alpine innsjøar som ligg i nord-sør-retning langs den nordlege grensa til Mackenzie BasinSørøyaNew Zealand. Dei andre er Tekaposjøen og Ohausjøen. Alle tre innsjøane vart danna ved at endemorenene til isbreane som drog seg attende og stengde av dalane dei låg i og danna morenesjøar.

Pukaki
innsjø
Pukakisjøen i september 2005
Land New Zealand
InnsjøtypeMorenesjø, fjordsjø
TilsigTasman River
UtløpPukaki River
Nedslagsfelt1 413[1] km²
Høgd over havet518,2–532[2] moh.
Areal178,7[1] km²
Middeldjupn47[1] m
Største djupn70[1] m
Volum4,66[1] km³
Koordinatar44°07′S 170°10′E / 44.117°S 170.167°E / -44.117; 170.167
ØyarFive Pound Note Island (no neddemd)
ByarMount Cook Village
Kart
Pukakisjøen
44°07′00″S 170°10′00″E / 44.116666666667°S 170.16666666667°E / -44.116666666667; 170.16666666667
Plasseringa til Pukakisjøen
Plasseringa til Pukakisjøen
Plasseringa til Pukakisjøen
Wikimedia Commons: Lake Pukaki

Tilførsla av brevatn til innsjøane gir dei ein distinkt blå farge, som kjem frå ekstremt finmalne steinkorn i breane.Pukakisjøen har eit areal på 178,7 km², og overflata ligg normalt mellom 518,2 og 532 moh.[2].

Pukakisjøen (i midten nede) og nabosjøane er skilde frå West Coast av Søralpane.

Innsjøen får tilførsle frå den forgreina Tasmanelva, som har kjeldene sine i breane Tasman- og Hookerbreen, nær Aoraki/Mount Cook. Frå den sørlege breidda av sjøen kan ein ha god utsikt til fjellet, som ligg 70 kilometer mot nord.

Lake Pukaki står no for ein del av den hydroelektriske produksjonen på New Zealand (Waitaki hydroelectric scheme).Det opphavlege utløpet til innsjøen låg sørenden, ut til Pukakielva.Utløpet er vorte demt opp, og kanalar leier vatn frå Pukakisjøen og Ohausjøen gjennom kraftstasjonen Ohau A til Ruataniwhsjøen.Pukaki får også tilførsle av vatn frå Tekaposjøen, som vert leia gjennom ein kanal til ein kraftstasjon på den austre breidda til Pukaki (Tekapo B station). Vassoverflata i innsjøen har vore heva to gonger for å auka lagringskapasiteten (9 m i 1940-åra, 37 m i 1970-åra), slik at Five Pound Note Island, som det ein gong var bilete av på den newzealandske fempundsetelen, no er neddemd. Den noverande sjøen har eit operasjonsområde på 13,8 m (høgdeområdet som sjøen kan regulerast innanfor), dette gir ein lagringskapasitet for energi tilsvarande 1 595 GWh. Saman med lagringskapasiteten til Tekaposjøen på 770 GWh, står dette for over halvparten av den hydroelektriske lagringskapasiteten på New Zealand.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Irwin, J. (September 1978). «Bottom sediments of Lake Tekapo compared with adjacent Lakes Pukaki and Ohau, South Island, New Zealand» (PDF). N.Z. Journal of Marine and Freshwater Research 12 (3). s. 245–250. Henta 28. januar 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Pukaki Lake Levels». Meridian Energy Limited. Henta 28-01-2012. 

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Pukakisjøen