Minnepinne
Ein minnepinne er eit minnekort (til datamaskiner) som har avlang form (derav namnet) og ein storleik som gjer det lett å ta med seg i lomma (t.d. festa på eit nøkkelknippe).
Minnepinnar kan pluggast rett inn i passande portar (ofte USB-portar) i datamaskiner, for rask kopiering av data som ein ynskjer å transportera. Datamaskina oppfattar minnepinnen som eit ekstra platelager.
Somme minnepinnar har innebygd kryptering med passord, fordi ein liten pinne kan vera lett å miste.
Minnepinnar kan ha ein kapasitet frå nokre få KB til fleire GB.
Avlange minnekort til Sony-fotoapparat vert somme tider kalla minnepinnar, både på grunn av forma og varemerkenamnet Memory Stick.
🔥 Top keywords: HovudsideCarles PuigdemontSpesial:SøkVerdas landDet tyske herrelandslaget i fotballSpesial:Siste endringarMoldauMidsommarUkrainsk matDet norske alfabetetKrøllalfaAndre verdskrigenJonsokWikipedia:KontaktHjelp:InnhaldGabonSvartifossTysklandEM i fotball 2021Thomas MüllerKarl-Heinz RummeniggeHaugtussaLønnWikipedia:OmEuropaØyvind AlsakerØresundbruaWikipedia:SamfunnshusetVM i fotball 2022Franz BeckenbauerEM i fotball 1992Arafa-dagenNasjonaldyrBernard Dietz14. juniEM i fotball 2000Google MapsComité flamand de FranceWikipedia:Atterhald