Louis de Broglie
fransk fysikar
Louis de Broglie (15. august 1892–19. mars 1987) var ein fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1929 for oppdaginga av elektronet sin bølgenatur.[1]
Nobelprisen i fysikk
1929
I løpet av 1800-talet hadde det vakse fram ei forståing for at ljos var elektromagnetiske bølgjer, medan elektron var partiklar. Etter at Einstein i 1905 framsette teorien sin om den fotoelektriske effekt, vart det klart at ljos har både bølgje- og partikkel-eigenskapar. De Broglie foreslo difor, etter intens eksperimentering i 1920-åra, at òg elektronet har ein slik dualitet. Dette viste seg å vere riktig, og å gjelde alle elementærpartiklar.
Han arbeidde òg aktivt for skipinga av CERN, og blir sett på som ein av grunnleggjarane.[2]
Referansar endre
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1929» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 7. februar 2011.
- ↑ Soylent Communications. «Louis de Broglie» (på engelsk).
Bakgrunnsstoff endre
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Louis de Broglie
🔥 Top keywords: HovudsideCarles PuigdemontVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarDonald SutherlandDet norske alfabetetKnut NærumKrøllalfaEnrique CastroEggemysterietWikipedia:KontaktAndre verdskrigenSang til BergenLønnItaliensk operaWikipedia:ArbeidskontoretMarie Sneve MartinussenWernersholmWikipedia:AtterhaldHundFærøyaneImmigrant SongWiki How24. maiOslo kommuneLiljekonvallWikipedia:SamfunnshusetHjelp:InnhaldJordbruksrevolusjonenJa, vi elsker dette landetNoregNasjonaldyrPoseidonlireWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAkeleieAlways on My MindNy-Caledonia