Liv Gulbrandsen

norsk politikar

Liv Gulbrandsen (fødd 15. februar 1974) er ein norsk barnebokforfattar og medieperson. Ho har tidlegare vore nestleiar i RV, og sat i bystyret i Oslo 2003-2007.[1]

Liv Gulbrandsen
StatsborgarskapNoreg
Fødd15. februar 1974 (50 år)
YrkeForfattar, programleiar, dagleg leiar
Politisk partiRaud Valallianse
FarTron Øgrim Sjå dette på Wikidata
MorJorun Gulbrandsen Sjå dette på Wikidata

Gulbrandsen var aktiv i nærradio, som Radio express i Sandvika, Radio Otek i Ghana og RadiOrakel før ho blei tilsett i NRK P3. Her var hoprogramleiar for morgonprogrammet Holger Nilsens metode.

Gulbrandsen debuterte som barnebokforfattar i 2006 med Rebekka : den natta jeg ble født. I 2008–09 var ho programleiar for Barne-TVNRK. Ho var ei tid marknadsføringssjef i Klassekampen.[2]Frå 2009 var Gulbrandsen dagleg leiar i Norsk Filmforbund og frå mars 2011 dagleg leiar i Leser søker bok.[3]

Gulbrandsen er dottera til dei tidlegare sentrale AKP-medlemane Jorun Gulbrandsen og Tron Øgrim.

Bøker endre

  • 2006 – Rebekka : den natta jeg ble født
  • 2007 – Jubalong : rød, gul, god morgen!

Referansar endre

  1. Nettstaden til Oslo kommune
  2. NRK - Henta 17. mars 2013
  3. Nettstaden til Leser søker bok; besøkt 11. mars 2011.

Bakgrunnsstoff endre