Lesja stasjon

Lesja stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana. Stasjonen ligg i sentrum av tettstaden Lesja, 15 kilometer nordvest for Dombås, og vart opna då Raumabana si strekning til Bjorli sto ferdig i 1921.

Lesja stasjon

Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
StadLesja
Distanse360,68
Opna1921
ArkitektJernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Linje(r)Raumabana
Eigar(ar)Bane NOR
Overgang
Kart
Lesja stasjon
Lesja stasjon ved opninga 29. november 1924

I 2011 var det om lag 2 000 passasjerar som tok toget til eller frå Lesja.[1]

Trafikale høve endre

Alle tog på Raumabana stansar om det er reisande til eller frå Lesja. Stasjonen har eit kryssingsspor på 313 meter utan plattform, og det er difor ikkje mogleg å krysse to passasjertog på staden.

Betening endre

Lesja var ein stor stasjon som hadde stasjonsmeistrar inntil tittelen vart endra til avdelingsleiar i 1981.[2]

  • Sigurd S. Løken, f. 1885, bestyrar frå 15.1.1921
  • Jørgen M. Larsen, f. 1885, frå 22.11.1924
  • Jørgen Skjefstad, f. 1883, frå 4.3.1928
  • Fridtjof P. Svane, f. 1894, frå 17.9.1938
  • Jan Blystad, f. 1895, frå 19.11.1947
  • Henrik W. Paulsen, f. 1899, frå 1.7.1955
  • Aadne Nyli, f. 1908, frå 17.2.1959
  • Helge Moss, f. 1921, frå 17.3.1962
  • Ola Jarle Haugen, f. 1921, frå 13.1.1966
  • Wilfred Skjøthaug, f. 1933, avdelingsleiar frå 1.11.1981

I den tida kor alle stasjonar var betente var Lora stoppestad underlagt stasjonsmeisteren på Lesja stasjon. Det militære sidesporet på Aura, fire kilometer aust for Lesja, var òg underlagt stasjonen. Sjølv om Lesja mista beteninga i 1990, vart det framleis sendt vognlaster til stasjonen i mange år etterpå. Lesja var inntil 2003 den siste mellomstasjonen som ekspederte vognlaster på Raumabana.[3]

Stasjonsbygninga endre

Stasjonsbygninga vart teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygningstypen er kalla «Type for Raumabanen» og er likeins som fleire andre på bana, mellom anna Bottheim, Verma og Marstein.

Stasjonsbygninga vart bygd mellom 1917 og 1921, kravde 29 228 arbeidstimar og kosta 103 595 kroner. Heile stasjonsanlegget kosta i alt 298 147 kroner.[4] Bygninga er reist av lafta tømmer kledd med liggjande trepanel og ståande vekselpanel i gavlane. Saltaket er tekt med skifer. Gavlvindauga og døropninga inn til venterommet er innramma med ornament i nyrokokko.

Fyrste etasje inneheldt venterom, ekspedisjonskontor og telegrafistkontor.[5] I 1981 vart det innreidd kvilerom med bad for baneavdelinga i ein del av venterommet. Ekspedisjonsrommet hadde karnapp mot plattforma med plass til innvendig stillverk. I andre etasje var det ein tenestebustad med inngang frå baksida. Kjellaren hadde rom for matlagring, brensellagring og bryggerhus for kledevask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy til stasjonsbygninga.

På stasjonsområdet er det òg ein privétbygning, eit vedskur, ein vaktarbustad (teikna av Hoel og R. Werenskiold) med uthus og eit rampeskur frå 1949.

Kulturminnet endre

NSBs bygningsregistrering i 1981 omtala stasjonsbygninga «i god stand» og verneverdien som «middels».[6]

Då registreringa skulle omsetjast i eit høyringsutkast til verneplanen i 1993, vart Lesjaverk stasjon foreslått verna.[7] Eigaren NSB sette seg i mot og føreslo istaden å verna Lesja stasjon. Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal føreslo Verma stasjon, og styringsgruppa valde difor Verma som representant for stasjonane på Raumabana. Lesjaverk og Lesja vart tekne ut av planane.[8]

Nasjonal verneplan (2004) endre

I Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) vart stasjonane på Lesja og Lesjaverk framheva som viktige lokale kulturminne:[9]

«

Lesja og Lesjaverk stasjoner
Selv om begge ligger utenfor Raumabanens vernestrekning er dette viktige stasjoner og stedsminner på Raumabanen som kompletterer strekningsvernet. Begge stasjonene bør derfor bevares og vilkår for bruk, istandsetting og vedlikehold fastsettes i samråd med Oppland fylkeskommune (lokalt vern)

»

Lesja stasjon vart som fylgje av dette verna etter plan- og bygningslova. Vernet omfattar stasjonsbygning, godshus, privét, plattform, hage og planta allé med stabbesteinar.[10]

Kjelder endre

  1. Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. s. 7. 
  2. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 150. ISBN 8291317011. 
  3. Noregs Statsbanar (1994). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra juni 1994 (PDF). s. 23. 
  4. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 101. 
  5. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  6. NSB Arkitektkontoret (1981). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering Hamar distrikt. Raumabanen. 
  7. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann/Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993. (PDF). s. 43. 
  8. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997. s. 29. 
  9. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del II. Objekter og miljøer. s. 27. 
  10. Lesja kommune (2019). Tematisk kommunedelplan for kulturminne i Lesja (PDF). s. 20-28. 

Bibliografi endre


Bakgrunnstoff endre