Kyllíni (gresk Κυλλήνη) eller Kyllene, stundom kalla Zíria (gresk Ζήρια), er eit fjell på Peloponneshalvøya i Hellas. Det stig til 2 374 moh og er det nest høgaste på halvøya. Det ligg nær grensa mellom dei historiske områda Arkadía og Akhaía, nordaust i Arkadía og i det som i dag er Korinthía. Fjellet ligg vest for byen Korint, nordvest for Stymfalía, nord for Trípoli og sør for Dervéni.

Kyllini
Κυλλήνη
fjell
Land Hellas
OmrådeKorinthía
Høgd2 374 moh.
Koordinatar37°56′28″N 22°24′00″E / 37.941°N 22.4°E / 37.941; 22.4
Kart
Kyllíni
37°56′21″N 22°23′48″E / 37.939166666667°N 22.396666666667°E / 37.939166666667; 22.396666666667
Wikimedia Commons: Mount Kyllini

I gresk mytologi vart Hermes fødd i ei heilag grotte i fjellet. I antikken stod det eit tempel og ein statue tileigna han på toppen av fjellet. Kyllene var ei fjellnymfe (ein oreade), som heldt til på fjellet.

Hyginos skriv at det var på Kyllíni at sjåaren Tiresias endra kjønn då han vart biten av to slangar som para seg. Mykje av fjellet er bert og steinete, men under 2 000 meter kan ein finne store skogområde. Det ligg eit observatorium på 908 meter. Frå toppen kan ein sjå store del ar av det nordaustlege Peloponnes, inkludert dei austlege områda av Akhaía og Aroánia (Khelmós), Korintbukta og det meste av Korinthía. Dei næraste fjellkjedene er Olíjyrtos i sør og Aroánia (Khelmós) i vest.

Næraste stader

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
🔥 Top keywords: