Kennedy Mweene

zambisk fotballspelar

Kennedy Mweene (fødd 11. desember 1984 i Lusaka) er ein zambisk fotballspelar. Han har spela som keeper for Free State Stars i den sørafrikanske fotballigaen og for landslaget til Zambia.

Kennedy Mweene
Personleg informasjon
Fødd11. desember 1984
FødestadLusaka
Høgd178 cm
PosisjonKeeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Free State Stars
Nummer1
Ungdomsklubbar
Flagget til Zambia State House
Flagget til Zambia Lusaka Celtics
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2004
2005
2005-
Flagget til Zambia Lusaka Dynamos
Flagget til Zambia Kitwe United
Sør-Afrika Free State Stars
27 (0)
30 (0)
84 (2)
Landslag
2004-Flagget til Zambia Zambia44 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. mai 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 24. mai 2009

Mweene har spelt for dei zambiske klubbane Lusaka Celtics og Kitwe United i Division One, nest høgste divisjon i landet. I 2005 vart han kjøpt av Free State Stars i den sørafrikanske toppdivisjonen. Etter den første sesongen hans der rykte klubben ned, men Mweene vart verande i klubben og vart fast førstekeeper. I neste sesong rykte klubben opp att med 18 poengs forsprang til neste klubb. Mweene heldt fram å vera førstekeeper for klubben. I 2008/09-sesongen vart han kåra til årets keeper i sørafrikansk Premier League.

Mweene var med på å vinna COSAFA-meisterskapen (for land i det sørlege Afrika) for U20-landslaget. Han debuterte for A-landslaget i 2004 i ein kamp mot Malawi. Han var lenge reservekeeper på landslaget, men då førstekeeperen, Kalililo Kakonje, vart skada i 2005, fekk han sjansen som førstekeeper igjen, men klarde ikkje å etablera seg fast på laget før i 2006. Sidan då har han stort sett vore førstekeeperen til Zambia.

Kjelder

endre
Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå tysk wikipedia 9. mai 2010.