Hyposenter
Hyposenter eller hyposentrum (frå gresk«hypo» = under, derunder), også kalla fokus, er det punktet i jorda der eit jordskjelv oppstår. Hyposenteret er direkte under episenteret på ei djupne kalla fokusdjupna.
Det nøyaktige punktet kan finnast ved analyse av jordskjelvbølgjene som vert registrerte på seismiske stasjonar på jordoverflata. Ofte er det ikkje mogeleg å finne eit nøyaktig hyposenter, fordi det kan vera ein samanhengande og samtidig forskyving langs ei brotlinje. Då peilar ein seg gjerne fram til eit midtpunkt langs linja.
Punktet der ei bombe eller ein meteoritt eksploderer i lufta, under jordoverflata eller på havoverflata vert av og til kalla hyposenter, noko som språkleg sett er feil ordbruk.[treng kjelde]
🔥 Top keywords: HovudsideMidsommarDonald SutherlandJonsokVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkThe Onion RouterDet nederlandske koloniriketNasjonaldyrSpesial:Siste endringarDuane EddyAndre verdskrigenWikipedia:Kontakt21. juniKrøllalfaKnute NelsonDet norske alfabetetEM i fotball 2024Wiki HowKleopatraCharlène av MonacoWikipedia:AtterhaldØresundbruaEuropaEM i fotball 2000Hjelp:InnhaldWikipedia:Gode nynorskordLønnTysklandEM i fotball 1992Wikipedia:OmNederlandØLinn UllmannNoregFotball-EM 1988Cristiano RonaldoValhall