Flosta kyrkje

Flosta kyrkje er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.

Flosta kyrkje
kyrkje
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Land Noreg
FylkeAgder
KommuneArendal
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeAgder og Telemark
ProstiArendal
SoknFlosta
FellesrådArendal
TypeKrosskyrkje
TeknikkLafteverk
MaterialTre
InnvigdUkjent
 •  EndringarCa. 1628–32, ca. 1700, 1736, 1747, 1864 og 1977
Klokker1506
KyrkjegardVed kyrkja
PreikestolOle Nielsen Weierholt 1750 (måla av Jørgen Schultz)
DøypefontTruleg 1864
AltartavleMåla av Samuel Dorn 1706
OrgelPeter Collins 1991
Sitjeplassar290
DiverseDekor i kyrkjesalen måla av Jørgen Schultz i 1749–1759. Dåpshus av Christian Suchow 1758 (staffert av Jørgen Schulz). Skriftestol rekonstruert 1970-åra.
Kart
Flosta kyrkje
58°31′43″N 8°56′02″E / 58.52861404°N 8.93399715°E / 58.52861404; 8.93399715
Wikimedia Commons: Flosta kirke

Alderen på denne kyrkja er usikker. Ho skal ha vore «brøstfeldig» i 1628 og i orden i 1632, men ein veit ikkje om det dreidde seg om nybygging eller istandsetjing. Kyrkja (som var langkyrkje) vart forlenga omkring 1700 og fekk vesttårn i 1736. I 1747 vart ho bygd om til krosskyrkje av Ole Nielsen Weierholt. Seinare er kyrkje utvida, og ho vart restaurert på 1970-talet med nyopning i 1977.

Krigsminnesmerke ved kyrkja

Trass i ytre form er kyrkjesalen som ei langkyrkje med koret i nord. Østre del er sal for kyrkjelyden og vestre er tårnet. Gamalt inventar som hadde vore overmåla eller skifta ut, vart restaurert på 70-talet.


Inventar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre