Den angelsaksiske krønika
Den angelsaksiske krønika er ei manuskriptsamling som gjev eit historisk oversyn og samtidige nedteikningar om viktige hendingar i England frå år 60 f.Kr. til 1154. Krønikeskrivinga byrja under kong Alfred (871–899), og blei oppdatert på forskjellige stader fram til midten av 1100-talet. Den angelsaksiske krønika er både det første større verket på gammalengelsk prosa og det første samanhengjande historieverket på eit vesteuropeisk folkespråk.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9d/Peterborough.Chronicle.firstpage.jpg/220px-Peterborough.Chronicle.firstpage.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/ASC.svg/220px-ASC.svg.png)
Ni utgåver eller fragment av Den angelsaksiske krønika har overlevd fram til våre dagar. Sju av desse er ulike originalversjonar og to er kopiar. Den eldste er Parker-krønika, som har namn etter den tidlegare eigaren Matthew Parker. Denne krønika er no ved Corpus Christi College i Cambridge. To er ved Bodleian Library i Oxford, medan British Museum i London eig resten.
Kjelder
endre- Angelsaksiske Krønike (6. februar 2013), Store norske leksikon. Henta 8. desember 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Anglo-Saxon Chronicle» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
endre![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/af/P_history.png/20px-P_history.png)