Bern-Alpane

Bern-Alpane
fransk Alpes bernoises, tysk Berner Alpen
Fjellkjede
Eiger, Mönch og Jungfrau
Land Sveits
KantonarBern, Vaud, Fribourg, Valais, Luzern, Uri, Nidwalden
Del avNorthwestern Alps
Grensar tilChablais-Alpane, Wallis-Alpane, Dei lepontinske Alpane, Urner-Alpane
Høgaste punktFinsteraarhorn
 - høgd4 274 moh.
 - koordinatar46°32′19″N 8°07′38″E / 46.53861°N 8.12722°E / 46.53861; 8.12722
Kart
Bern-Alpane
46°32′00″N 8°03′00″E / 46.533333333333°N 8.05°E / 46.533333333333; 8.05
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Wikimedia Commons: Bernese Alps
Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn (før 2007-utvidinga)

Bern-Alpane omfattar fleire fjellkjeder i dei vestlege delane av Alpane, i Sveits. Sjølv om ein større del av fjella ligg i Berner Oberland-regionen av kantonen Bern, ligg delar av Bern-Alpane i dei tilstøytande kantonane Valais, Luzern, Obwalden, Fribourg og Vaud. Dei siste går ofte under nemningane Fribourg-Alpane og Vaud-Alpane, høvesvis.

Rhône-dalen skil Bern-Alpane frå Chablais-massivet i vest, og frå Wallis-Alpane i sør. Den øvre delen av Rhône-dalen skil dei frå Lepontin-Alpane i søraust, medan Grimselpasset og Aar-dalen skil dei frå Uri-Alpane i aust. Nordgrensa for Bern-Alpane er mindre klar, men kan seiast å liggje på ei line mellom Genfersjøen og Vierwaldstättersjøen.

Bern-Alpane er nedbørsfelt til elva Aar og bielva Saane i nord, og til elvane Rhône i sør og Reuss i aust.

Morfologi endre

Ryggrada i Bern-Alpane er ei 100 km lang fjellkjede som strekker seg frå vest (Dent de Morcles) til aust (Sidelhorn) langs grensa mellom kantonane Bern (nord) og Valais (sør). Bortsett frå den aller vestlegaste delen, er denne grensa vasskilje mellom Nordsjøen og Middelhavet. Denne ryggrada ligg ikkje midt i fjellkjeda, men ligg nær (10-15 km) Rhône-elva i sør. Av den grunn er det stor skilnad mellom landskapa på sørsida og nordsida. På sørsida fell sidedalane bratt ned mot Rhône-dalen, i nord vert fjella gradvis lågare til dei går over i åslandskapet på det sveitsiske platået eller i innsjøane Thunsjøen og Brienzsjøen i aust.

Vest for Gemmipasset består fjellkjeda i hovudsak av nokre få og høge toppar (så som Wildhorn), litt over 3000 moh, ofte dekt av isbrear. Fjellkjeda vider seg mykje ut i dei austlege delane, med fjelltindar på over 4000 meter. Dette er elles den delen av Alpane som har flest brear, store og små.

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn endre

Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-området ligg i dei austlege delane av Bern-Alpane, i den mest bredekte delen av Alpane. Aletschgletscher, dei to fjelltoppane Jungfrau og Bietschhorn er særlege attraksjonar å skode. Området vart i 2001 teke med på verdsarvlista til UNESCO. I 2007 vart området utvida og fekk namnet Schweizer Alpen Jungfrau-Aletsch. Etter utvidinga er fleire store brearmar, som Fieschergletscher og Aargletscher, omfatta av UNESCO-lista.

Fjelltoppar endre

Eiger, Mönch and Jungfrau
Eismeer
Finsteraarhorn
Lauterbrunnental
Grünhorn
Oeschinensee
Aletschbreen
Lötschental
Rottal
'Toppen av Europa-anlegget', Jungfraujoch

Dei høgste toppane i Bern-Alpane:

NamnHøgd (moh)
Finsteraarhorn4 274
Aletschhorn4 192
Jungfrau4 158
Mönch4 107
Schreckhorn4 078
Gross Fiescherhorn4 049
Grünhorn4 043
Lauteraarhorn4 042
Hinter Fiescherhorn4 025
Gletscherhorn3 983
Rottalhorn3 972
Eiger3 970
Äbeni Flue3 962
Agassizhorn3 946
Bietschhorn3 934
Trugberg3 933
Klein Grünhorn3 913
Gross Wannenhorn3 906
Klein Fiescherhorn3 895
Mittaghorn3 892
Fiescher Gabelhorn3 876
Nesthorn3 822
Dreieckhorn3 811
Schinhorn3 797
Breithorn ved Lötschental3 785
Breithorn (Lauterbrunnen)3 779
Grosshorn3 754
Sattelhorn3 745
Mittelhorn3 704
Balmhorn3 698
Silberhorn3 695
Wetterhorn3 692
Rosenhorn3 689
Blüemlisalp3 664
Bärglistock3 656
Doldenhorn3 643
Altels3 629
Tschingelhorn3 562
Gspaltenhorn3 436
Fründenhorn3 369
Ewigschneehorn3 329
Hienderstock3 307
Ritzlihorn3 282
Wildhorn3 248
Wildstrubel3 243
Les Diablerets3 210
Wellhorn3 191
Mättenberg3 104
Löffelhorn3 095
Grand Muveran3 051
Sparrhorn3 021

Isbrear endre

Dei største isbreane:

Fjellovergangar endre

Dei viktigaste fjellovergangane i Bern-Alpane er:

Fjellovergangarstadtypehøgdenivå
LauitorLauterbrunnen til Eggishornsnø3700 m
MönchjochGrindelwald til Eggishornsnø3560 m
JungfraujochWengernalp til Eggishornsnø3470 m
StrahleggpassetGrindelwald til Grimselpassetsnø
GrünhornlückeAletschgletscher til Fiescherbreensnø3305 m
OberaarjochGrimsel til Eggishornsnø3233 m
GaulipassetGrimsel til Meiringensnø3206 m
PetersgratLauterbrunnen til Lötschentalsnø3205 m
LötschenlückeLötschental til Eggishornsnø3204 m
LauteraarsattelGrindelwald til Grimselsnø3156 m
BeichgratLötschental til Belalpsnø3136 m
LammernjochLenk til Gemmisnø3132 m
TriftlimmiRhonebreen til Gadmentalsnø3109 m
SustenlimmiStein Alp til Göschenensnø3103 m
GamchiluckeKiental til Lauterbrunnensnø2833 m
TschiugelpassetLauterbrunnen til Kanderstegsnø2824 m
HohtürlipassetKandersteg til Kientalsti 2707 m
LötschenpassetKandersteg til Lötschentalsnø2695 m
SefinenfurggeLauterbrunnen til Kientalsti 2616 m
WendenjochEngelberg til Gadmentalsnø2604 m
FurtwangsattelGuttannen til Gadmentalsti 2558 m
FurkapassetRhônebreen til Andermattveg 2436 m
RawilpassetSion til Lenk im Simmentalrideveg 2415 m
GemmipassetKandersteg til Leukerbadrideveg 2329 m
SurenenpassetEngelberg til Altdorfsti 2305 m
SustenpassetMeiringen til Wassenveg 2262 m
SanetschpassetSion til Saanenrideveg 2234 m
JochpassetMeiringen til Engelbergrideveg 2215 m
GrimselpassetMeiringen til Rhonebreenveg 2164 m
Kleine ScheideggGrindelwald til Lauterbrunnensti, jernbane 2064 m
Col de ChevilleSion til Bexrideveg 2049 m
Grosse ScheideggGrindelwald til Meiringenrideveg 1967m
Col de JamanMontreux til Montbovonrideveg
jernbanetunnel
1516 m
BrünigpassetMeiringen til Luzernveg, jernbane 1035 m

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

46°25′N 7°45′E / 46.417°N 7.750°E / 46.417; 7.750

🔥 Top keywords: