Arcturus (α Boo, α Boötis, Alfa Boötis) er den mest lyssterke stjerna på den nordlege himmelhalvkula og ligg i stjernebiletet Bjørnepassaren. Med ein visuell storleikeklasse på −0.05, er han den fjerde mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, etter Sirius, Canopus, og Alpha Centauri. Ho ligg relativt nær jorda, berre 36,7 lysår unna, og er i lag med Vega og Sirius, ei av dei mest lyssterke av dei solnære stjernene.

Arcturus

Arcturus i stjerneteiknet Bjørnepassaren.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
StjernebileteBjørnepassaren
Rektascensjon14h 15m 39.7s[1]
Deklinasjon+19° 10′ 56″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)−0.05[2]
Karakteristikk
SpektralklasseK0 III[3]
Tilsynelatande storleiksklasse (J)−2.25[2]
U−B fargeindeks+1.28[2]
B−V fargeindeks+1.23[2]
R−I fargeindeks+0.65[2]
Merk (kategori: variabilitet):H- og K-stråling varierer
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)−5.19[4] km/s
Eigarørsle (μ) RA: −1 093.45[5] mas/år
Dek.: −1 999.40[5] mas/år
Parallakse (π)88.83 ± 0.54 mas
Avstand36,7 ± 0,2 ly
(11,26 ± 0,07 pc)
Detaljar
Masse1.08±0.06[6] M
Radius25.4±0.2[6] R
Luminositet170[7] L
Overflategravitasjon (log g)1.66±0.05[6] cgs
Temperatur4 286±30[6] K
Metallisitet [Fe/H]−0.52±0.04[6] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)2.4±1.0[8] km/s
Alder7.1+1.5−1.2[6]  mrd. år
Andre namn
Alramech, Abramech, α Boötis, 16 Boötes, BD+19°2777, GCTP 3242.00, GJ 541, HD 124897, HIP 69673, HR 5340, LHS 48, SAO 100944.
Databasereferanse
SIMBADdata

Arcturus er ein klasse K0 III oransje kjempe, med ein absolutt storleiksklasse på −0,30. Ho har truleg brukt opp hydrogenet sitt frå kjernen og er no i den aktive fasen der ho brenn hydrogen i det ytre skalet. Ho vil fortsette å utvide seg i tida framover.

Det samiske namnet på stjerna er Fávdna. I følgje ei gammal segn jaktar Fávdna på Sarva, himmelelgen. Våpenet til Fávdna er ein boge, Fávnnadávgi, som er stjernebildet Dávggat eller Karlsvogna.

Kjelder

endre
  • Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press. 

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: Arcturus