Andrej Belyj

russisk skribent og poet

Andrej Belyj (26. oktober 18808. januar 1934), psevdonym for Boris Bugajev, var ein russisk poet og romanforfattar, som vert rekna som ein av dei fremste russiske symbolistane. Belyj var son til ein matematikar og studerte sjølv matematikk.

Andrej Belyj

Verkeleg namnBoris Bugajev
PseudonymАндрей Белый
StatsborgarskapDet russiske imperiet, Sovjetunionen, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
Fødd14. oktober 1880
Moskva
Død

8. januar 1934 (53 år)
Moskva

Yrkelyrikar, skribent, sjølvbiograf, skodespelforfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, filosof, kritikar, Стиховедение, illustratør
Sjangerroman, dikt
ReligionOrtodoks kristendom
FarNikolai Bugaev
EktefelleAssja Turgenieff
Signatur
Andrej Belyj på Commons
Leon Bakst: Andrej Belyj, 1905

Liv og gjerning

endre

Gjennom sine tekstar prøvde Belyj å fornye den russiske litteraturen. Han søkte ei tilnærming mot musikken, som for han var den fremste kunstarten. Han arbeidde til dømes med gjentakande motiv og uttrykk, og interesserte seg mykje for klangen i språklyden.

Koplinga til musikken kjem klart fram i titlane til Belyjs tidlege dikt. Han kalla dei for symfoniar: Den første symfonien (også kalla Den nordiske symfonien) (1904), Den andre symfonien (1902), Den tredje symfonien (1905) og Den fjerde symfonien (1908).

Som romanforfattar merkar Belyj seg ut med romanen Sølvdua (1909), Petersburg (skriven 1913-14, utgjeven 1916) og Kotik Letajev (1917). I romanane legg Belyj for dagen stor interesse for kristen mystisisme og antroposofi. Dei tek opp spørsmålet om Russlands identitet som kløyvd mellom aust og vest. Petersburg, som handlar om ein revolusjonær senatorson som får i oppdrag å sprenge far sin i lufta, kan sjåast som ein allegori over revolusjonshandlingane i Russland anno 1905. Stilistisk har romanen vore jamført med James Joyce sin roman Ulysses.

  • Andrej Belyj-prisen er ein litterær pris innstifta i 1978.

Verk på norsk

endre
  • Petersburg. 2001
  • Sølvduen. 2008

Litteratur

endre
  • Lillian Jorunn Helle:Andrej Belyjs roman "Peterburg": et hovedverk innenfor den russiske symbolismens prosa. 1981
  • Lillian Jorunn Helle:Estetikk og verdensanskuelse i den russiske symbolismen: en studie av Andrej Belyjs symbolistiske prosjekt. 1992