Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen) er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km² og folketalet 47 i 2021. Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²).

Pitcairn Islands
Pitkern Ailen
Flagg
Flagg
Våpen
Våpen
FlaggVåpen
Pitcairn på verdskartet
Pitcairn på verdskartet
StatusBritisk oversjøisk territorium
MayorSimon Young
HovudstadAdamstown
Offisielt språkEngelsk, pitkern
Areal

- % vatn

62 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 47 (2021)
ca. 0,77/km²

VerdsdelOseania
Internet-domene.pn
TidssoneUTC -08:00
Internasjonal telefonkode+64
Nasjonalsong
Kart over Pitcairn

Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790. I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Commons har multimedium som gjeld: Pitcairn