Mehri eller mahri er eit semittisk språk som blir snakka av minoritetar aust i Jemen og vest i Oman, og er ein rest av ei gammal innfødd språkgruppe som vart talt sør på Den arabiske halvøya før arabisk spreidde seg med islam600-talet. Mehri vert i dag òg talt i Qatar, Somalia, Dei sameinte arabiske emirata og i Kuwait av gjestearbeidarar som opphavleg kjem frå desse områda. Brukarane av mehri er stammen mahra.

Mehri
KlassifiseringAfroasiatisk
 Semittisk
  Sør-semittisk
   Moderne sør-arabisk
TalararMehrifolk
Bruk
Tala iJemen, Oman
Mehritalande i altca. 115 200
Språkkodar
ISO 639-3gdq
Glottologmehr1241


På grunn av at arabisk dominerer i dette området, og dessutan at dei fleste mehri-talarar òg snakkar arabisk flytande, står mehri i fare for å bli utrydda. Det er primært eit talespråk med lite litteratur, og det er nesten ingen lesa- og skriveferdigheit i språket blant talarane.

Lingvistisk sett vert språket klassifisert som eit sørarabisk språk (ikkje relatert til språket arabisk, men til halvøya) innan den sørsemittiske gruppa (som òg inneheld bl.a. amharisk i Etiopia) som òg er del av dei semittiske språka, som er del av den afroasiatiske språkfamilien. Mehri har 70 643 brukarar i Jemen, 50 763 i Oman og 14 358 i Kuwait.

Kjelder endre