Kerberos
- For månen til Pluto med same namnet, sjå plutomånen Kerberos.
Kerberos (gresk Κέρβερος,) er i gresk mytologi ein hund med tre hovud. Monsterhunden vaktar inngangen til dødsriket Hades. Kerberos står bunden ved breidda av elva Akheron, nokre gonger omtala som Styx, på den sida som vender mot dødsriket. Han vaktar elvebreidda slik at dei levande ikkje slepp inn, og dei døde ikkje slepp ut. På vegen til dødsriket vert dei døde ferja over elva Akheron eller Styx av ferjemannen Karon.
Kerberos | |||
| |||
Opptrer i | Hades | ||
---|---|---|---|
Identifisert med | Garm | ||
Mor | Ekhidna | ||
Far | Tyfon |
Hunden har vorte overvunnen fleire gonger:
- Herakles sitt siste storverk var å ta Kerberos til fange. Det gjorde Herakles ved å vera god mot Kerberos, noko hunden aldri før hadde opplevd.
- Orfevs byssa Kerberos i søvn ved å spela for hunden, då han skulle til dødsriket for å setja Eurydike fri.
- Hermes fekk Kerberos til å sova ved å gje han vatn frå elva Lethe.
- Dante Alighieri skildrar i den guddomlege komedien korleis Vergil og Dante forar Kerberos med jord for å unngå å verta etne sjølv.
Sjå òg endre
Bakgrunnsstoff endre
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSvartifossSpesial:SøkGeir MoenWikipedia:KontaktCarles PuigdemontSpesial:Siste endringarOddmund Løkensgard HoelMal:GeoboksAndre verdskrigenJohn ErtzgaardØresundbruaEM i fotball 1992JonsokKnute NelsonAslak AarhusKarsten WarholmLønnDet norske alfabetet8. juniLavskrikjeWikipedia:OmKrøllalfaMette FrederiksenHjelp:InnhaldLene RetziusWikipedia:AtterhaldEuropaJappDennis VareideStadio OlimpicoMidsommarWiki HowRusslandWikipedia:ArbeidskontoretCristiano RonaldoNasjonaldyr1710