August Spies

August Vincent Theodor Spies (10. desember 185511. november 1887) var sjefs-redaktør og utgivar av den sosialistiske avisa Arbeiter-Zeitung og talsperson for den amerikanske arbeidarrørsla i Chicago.

August Spies

StatsborgarskapUSA
Fødd10. desember 1855
Burg Landeck
Død

11. november 1887 (31 år)
Chicago

Yrkeredaktør, journalist, skribent, fagforeiningsleiar, politikar
Språktysk
August Spies på Commons

Spies vart fødd i Landecker Amt i Hessen, men emigrerte til Chicago i 1871. Rundt 1876 byrja han å interessere seg for arbeidarrørsla, og i 1877 vart han medlem i det sosialistiske arbeidarpartiet i Nord-Amerika. I 1880 vart han så utgivar og forretningsførar for avisa Arbeiter-Zeitung på staden, og var frå 1884 til 1886 òg sjefsredaktør der. Han vart talsperson for den radikale fløya i arbeidarrørsla.

I november 1887 vart han avretta ved eit justismord etter å ha vorte dømd for eit bombeåtak mot politiet under Haymarket Riot 4. mai 1886. Dette skjedde da politiet gjekk til åtak på streikande og demonstrerande arbeidarar som slåst for 8 timarsdagen. Tre andre vart òg urettmessig hengde for dette, mens éin gjorde sjølvmord i fengselet, og atter tre vart sleppte fri i 1893, da guvernøren annullerte dommen mot dei.

Kjelder endre

Den tyskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.

Litteratur endre

  • Dyer D. Lum: August Spies, in: Twentieth Century, 3. September 1891
  • Heinrich Nuhn: August Spies. Ein hessischer Sozialrevolutionär, Verlag Jenior & Pressler, Kassel 1992, ISBN 3-928172-11-5

Bakgrunnsstoff endre