Heydər Əliyev

aserbajdsjansk politikar

Heydər Əlirza oğlu Əliyev (10. mai 192312. desember 2003) eller Geidar Alijevitsj Alijev var i fleire tiår den mektigaste politikaren i Aserbajdsjan, fyrst i sovjetrepublikken Aserbajdsjan som generalsekretær i sentralkomiteen til kommunistpartiet i Aserbajdsjan i perioden 1969-82, deretter som medlem av politbyåret i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) i fem år. Generalsekretæren i partiet, Mikhail Gorbatsjov, tvinga Əliyev til å trekke seg grunna korrupsjon.

Heydər Əliyev

StatsborgarskapSovjetunionen, Aserbajdsjan
Fødd10. mai 1923
Nakhitsjevan
Død

12. desember 2003 (80 år)
Cleveland

Yrkepolitikar
SpråkAserbajdsjansk, russisk
Politisk partiSovjetunionens kommunistiske parti, Yeni Azərbaycan Partiyası
Medlem avPolitbyrået i Sovjetunionen
ReligionSjiaislam
FarAlirza Aliyev
EktefelleZarifa Aliyeva
Nettstadhttp://www.heydar-aliyev-foundation.org/
Heydər Əliyev på Commons

Etter Sovjetunionen braut saman i 1991/92 var Əliyev president i det sjølvstendige Aserbajdsjan frå 1993 til ein månad før han døydde i 2003, på eit sjukehus i Cleveland i delstaten Ohio i USA. Sterk persondyrking prega presidenttida, og eit autokratisk system bygt på slekt- og klanmedlemer tok form, smurt gjennom store oljeinntekter og eit patron-klient-system.

Sonen İlham Əliyev tok makta i Aserbajdsjan etter faren.

Kjelder endre